God tilbakemelding på innkjøpskurs

Tysdag 21.oktober arrangerte Sogn og Fjordane Felles Innkjøp (SFFI) innkjøpskurs for kommunane med 38 deltakarar.

Halve dagen handla det om breibandsatsing i eit innkjøpsperspektiv.

– Kommunane har til saman fått 40 mill.kr frå Post- og teletilsynet og skal gjere fleire større innkjøp i vinter, seier Olav Skarsbø, prosjektleiar i fylkeskommunen si næringsavdeling.

NHO var òg til stades. Dei gav ei rask innføring i NHO sitt leverandørutviklingsprogram og korleis regelverket kan gi rom for innovasjon.

– Programmet var tett og me hadde mange tema, men tilbakemeldingane har vore gode, seier Katrine Røkke Wilson, innkjøpssjef i fylkeskommunen.

På samlinga blei det òg presentert ei ny nettside der samarbeidspartnarane kan hente ned retningsliner og malar for innkjøp. Denne nettsida vil snart kome på sfj.no.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut