Oversiktsbilete over plassen utanfor Stryn vidaregåande skule. Foto er teke ovanfrå, og det er mange elevar samla i klynger på plassen.
Oversiktsbilete over plassen utanfor Stryn vidaregåande skule. Foto er teke ovanfrå, og det er mange elevar samla i klynger på plassen.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Gledelege eksamensresultat i Sogn og Fjordane

Nok ein gong har elevane ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane levert gode eksamenar. Utdanningsdirektoratet har lagt fram førebelse eksamensresultat frå våren 2017. Sogn og Fjordane er igjen i landstoppen.

Karaktersnittet i Sogn og Fjordane er over det nasjonale gjennomsnittet i 23 fag. Statistikken er bygd på førebelse eksamensresultat frå sentralgjeven skriftleg eksamen, med over 1000 elevar og i alt 33 ulike fag. Ved desse eksamenane får alle elevane i landet dei same oppgåvene.

På topp i mange fag

I elleve av faga er Sogn og Fjordane fylket med høgast karaktersnitt. Konstituert fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo, er godt nøgd med resultata.

– Dei gode eksamenskarakterane speglar at vi har dyktige tilsette som saman med elevane oppnår gode resultat. Det blir arbeidd godt både i grunnskulen og på dei vidaregåande skulane, seier Skinlo.

I Sogn og Fjordane er det eit stabilt høgt karakternivå både på eksamen og standpunktkarakterar. I år igjen er skilnaden i karakterresultat mellom standpunkt og eksamen lågare enn landssnittet.

Norskfaget i særklasse

På lik line med tidlegare år peikar Sogn og Fjordane seg ut som det beste fylket i norskfaga. Årets eksamensresultat i norsk hovudmål er det beste så lenge fylkeskommunen har ført statistikk.

Andre fag som peikar seg ut med særskilt gode resultat er engelsk, biologi, marknadsføring og leiing, rettslære og enkelte av matematikkfaga.

Utdanningsdirektoratet: Førebelse eksamensresultat frå sentralgjeven skriftleg eksamen.

For meir informasjon

Tor-Einar Holvik Skinlo
ass. fylkesdirektør for opplæring
tor-einar.holvik.skinlo@sfj.no
958 39 029

Jørund Årdal
seniorrådgjevar
416 31 280
jorund.ardal@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00