Gjorde seg kjend med kultursatsinga i Fjaler

Sist veke kom leiar i familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Svein Harberg (H) til Fjaler på besøk.

Han besøkte blant anna United World College (UWC) i Flekke, Nordisk kunstnarsenter på Falsåsen og Ralston&Bau/Transplant Designsenter.

Føremålet med besøket var å gjere seg kjent med kultursatsinga i Fjaler kommune, og å sjå korleis kunst, kultur og internasjonal satsing kan gi ei positiv effekt i utviklinga av gode lokalsamfunn.

Mangfaldig

– Det er viktig at sentrale politikarar på Stortinget viser interesse for det lokale kulturlivet, og kor mangfaldig dette er. I Fjaler har dei satsa tungt på store etableringar som UWC og Nordisk kunstnarsenter. Av nyare satsingar er Transplant og teaterfestival. Det gir arbeidsplassar og mangfald i opplevingane, seier fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad.

Regional utvikling

Ho meiner at satsingane er viktige bidrag til regional utvikling.

– Dette trur eg Harberg fekk eit godt innsyn i denne dagen, og han fekk med seg viktige impulsar i sitt vidare arbeid på Stortinget, seier Erikstad.

Med på rundturen var også ordførar Arve Helle, varaordførar Marita Solheim (H), kultursjef Ingeborg Tysnes, Linda Hovland frå Fjaler Næringsutvikling og Arild Bergstrøm frå bulystprosjektet PreForm.

Frå fylkeskommunen deltok leiar i hovudutval for kultur, Nils Gjerland, og fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00