emhl 36na 4q

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Gaular: Skaraly

Dagsturhytta i Gaular ligg ved Kårstadskaret på ca 700 moh. Ypperleg for eit kort eller lenger stopp undervegs til Storehesten, Lisjehesten eller Blægja med fantastisk utsikt mot Dalsfjorden, Storehesten og Sunnfjordfjella. Det er også flott å bade i småtjerna omkring eller slappe av i solveggen og nyte utsikta. 

Tilkomst og parkering

Parkering ved Nygjeldshaugane. Køyr til Bygstad, forbi Rytne gard og betal bompengar.

Stien til hytta

Turen går i fint og luftig turterreng i same trasè som Storehesten opp. Stien er godt opparbeidd med grus, singel, steinheller og rekkverk enkelte stader. På veg opp mot hytta går ein forbi eit fint støylsområde. Frå hytta er det fint å ta turen vidare til både Litlehesten og Storehesten. 

Avstandar

Turen opp tek om lag 40 minutt i normalt gåtempo. Turen har variert stigning og er middels krevjande. Hytta ligg på om lag 750 moh., og hødeskilnaden frå parkering til hytta er om lag 200 meter. 

Kontaktinformasjon 

Hytta si Facebook-gruppe

Birgitte Refvik, Gaular kommune. 

E-post: birgitte.refvik@gaular.kommune.no

Kart 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut