Foto frå turstien som blir laga i Trivselsskogen i Gloppen. Vi skimtar sola mellom trea. Stien er ikkje ferdig, men det er rydda skog og lagt på pukk, så vi ser kvar han går.
Foto frå turstien som blir laga i Trivselsskogen i Gloppen. Vi skimtar sola mellom trea. Stien er ikkje ferdig, men det er rydda skog og lagt på pukk, så vi ser kvar han går.

Gloppen kommune var den kommunen som søkte om mest spelemidlar i år og som fekk den største samla summen i tildelinga. Eitt av prosjekta kommunen får støtte til er turvegen i Trivelsskogen på Sandane. (Foto: Knut Roger Nesdal)

Gaular får mest spelemidlar per innbyggjar

Spelemidlane til Sogn og Fjordane er fordelte, og Gaular toppar lista over flest kroner per innbyggjar. I den andre enden av skalaen finn vi Selje, som ikkje søkte om tilskot i år.

Sogn og Fjordane fekk i år ei rekordtildeling av tilskot frå spelemiddelordninga, som er overskotet frå Norsk Tipping AS. Heile 55 millionar er no fordelte til kommunar, lag og organisasjonar i fylket. 107 søknadar har fått støtte, og pengane går til innandørs og utandørs idrettsanlegg og friluftslivsanlegg som dagsturhytter, turstiar, turvegar og kart.

Her kan du sjå den fullstendige oversikta over fordelinga av spelemidlane i 2017.

Sterk dugnadsånd

Det er stor variasjon mellom kommunane i kor stor viljen er til å både byggje nye og rehabilitere anlegg. Når Gaular i år får mest per innbyggjar – 2075 kr – skuldast det tildeling til både ny hall og rulleskibane. Begge desse er prioriterte i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv dette året.

Nummer to på lista over tildeling per innbyggjar er Balestrand med 1916 kr. Det er den sterke satsinga på friluftsliv i Balestrand som syner att her. Gloppen og Luster får høvesvis får 1289 og 1266 kr. per innbyggjar, noko som skuldast både satsing på friluftsliv og tildeling til fleire anlegg i regional plan.

– Det er gledeleg å registrere at mindre kommunar som Balestrand, Hornindal, Bremanger og Jølster har stor aktivitet og stor vilje til prioritere idrett og fysisk aktivitet for innbyggjarane sine. Det er ei sterk dugnadsånd i heile fylket, noko som er bra både for omdømet vårt og identiteten vår. Tildelinga viser variasjon i ulike typar anlegg, og alle kommunar som har søkt, får pengar. Det støttar opp under visjonen for arbeidet vårt, fysisk aktivitet for alle, seier leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.

Gloppen søkte om mest

Det kom inn til saman 328 søknadar om spelemidlar i Sogn og Fjordane, med ein samla søknadssum på 211 millionar kroner.

Førde sette ny fylkesrekord i tal søknadar med 45, medan Gloppen hadde den største søknadssummen med nesten 38 millionar. Selje var den einaste kommunen som ikkje søkte om spelemidlar i år. I større kommunar som Vågsøy, Eid, Sogndal, Flora, Luster og Førde er det stor vilje til bygging og rehabilitering.

Utviklinga av tilskot til fylket har dei siste åra hatt ei svært gledeleg utvikling – frå 22,7 millionar i 2011 til 53,2 millionar i år. Ventetida frå første år ein søkjer og fram til første tildeling har i same periode gått ned frå fem år til om lag tre år for idrettsanlegg og til om lag to år for nærmiljøanlegg.

Oversikt over fordeling av spelemidlar per kommune – sortert etter tildeling per innbyggjar

Kommune

Tildeling per innbyggjar

Samla tildeling

Godkjend søknadssum

Gaular

2075

6 120 000

10 390 000

Balestrand

1916

1 148 000

2 483 000

Hornindal

1363

1 625 000

2 925 000

Gloppen

1289

7 481 000

37 880 000

Luster

1266

6 519 000

14 539 000

Eid

721

4 373 000

20 870 000

Sogndal

652

5 167 000

20 626 000

Solund

625

497 000

2 144 000

Gulen

497

1 180 000

2 080 000

Leikanger

464

1 084 000

2 084 000

Bremanger

412

1 586 000

5 401 000

Flora

402

4 831 000

23 575 000

Naustdal

394

1 118 000

6 601 000

Askvoll

394

1 204 000

4 473 000

Jølster

388

1 175 000

3 514 000

Lærdal

331

712 000

1 200 000

Stryn

276

2 007 000

5 558 000

Førde

256

3 344 000

15 200 000

Vågsøy

248

1 495 000

8 514 000

Vik

221

814 000

600 000

Aurland

168

300 000

12 712 000

Høyanger

138

578 000

1 293 000

Fjaler

134

391 000

2 407 000

Hyllestad

133

189 000

1 258 000

Årdal

50

600 000

814 000

Selje

0

0

0

 

For meir informasjon

Karen Marie Hjelmeseter
leiar, hovudutval for næring og kultur
karen.marie.hjelmeseter@sfj.no
918 47 736

Atle Skrede
rådgjevar for fysisk aktivitet
atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00