Fysisk aktivitet gir overskot og trivsel

Fysisk inaktivitet er årsak til 3,1 mill fråværsdagar, 100.000 sjukehusinnleggingar, 2,5 mill legekonsultasjonar og ca. 5000 førtidspensjoneringar årleg!

Dette fekk vi høyre på konferansen for fysisk aktivitet og sosiale skilnader i helse som vert avvikla på Skei Hotel 20. og 21. Olov Belander frå Sosial- og helsedirektoratet kom med desse tala då han formidla staten sin strategi for å motivere til dagleg fysisk aktivitet. Forskning viser at 1 time fysisk aktivitet for barn og unge - 1/2 time for vaksne og eldre dagleg er nok for å oppnå helseeffekt! Samfunnet må legge til rette for at folk kan gjere sunne val, og at det skal vere enkelt å delta i fysisk aktivitet. Barnehagar, skular og arbeidsliv er viktige arenaer som når bortimot alle. Desse instansane har eit særskilt ansvar.

Lege Per Gärdsell, kåra som ein av nordens beste foredragshaldarar, heldt eit inspirerande foredrag om kor viktig det er å komme inn med systematisk aktivitet tidleg. Han har vore primus motor for Bunkeflo-prosjektet i Malmø som var blant dei fyrste som starta med 1 time fysisk aktivitet i skulen kvar dag. Målingar der viste at det er viktig å komme inn med fysisk aktivitet før puberteten for å oppnå best mogeleg effekt. Han la vidare vekt på at det kostar lite å forebygge, det meste er faktisk gratis. Kontrasten til reparasjonskostnadane er store, men diverre er betalingsviljen langt større når det gjeld behandling enn forebygging.

Seniorrådgjevar Tone Torgersen, SHdir heldt eit engasjerande foredrag om sosial ulikheit i helse og fekk stor respons frå salen. Vi veit at helsa fordeler seg ulikt på den sosiale gradienten, dvs. at dei som er lågast på den sosiale rangstigen er sjukast medan dei som ligg øverst er friskast. I Sogn og Fjordane er det ikkje så store skilnader i folk sine levekår - kanskje er dette ein av grunnane til at folk her ligg i dei rette endane av helsestatistikkane? Dette var også fylkeslege Peter Øgar inne på i sitt opningsforedrag.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette