Foto av to jenter som syng på ei scene.
Foto av to jenter som syng på ei scene.

Con Fusion frå Sogndal er eitt av sceneinnslaga som skal representere Sogn og Fjordane på den nasjonale UKM-festivalen i Stjørdal i juni. (Foto: Steffen Heggen Starheim/UKM Media)

Fylte Nordfjordhallen med ung kunst og kultur

UKM-festivalen Sogn og Fjordane 2019 er over. 250 ungdommar frå heile fylket har fylt Nordfjordhallen med liv og røre frå start til slutt.

Det har vore sceneframsyningar og utstilling, konsert i Måløy sentrum, workshops og leik og moro ut i dei små timar gjennom heile helga.

Høgt nivå

– Det har vore ei stor glede for Sogn og Fjordane fylkeskommune og Vågsøy kommune å arrangere festivalen. Vi er stolte over å vere med og vise fram breidda i ung kultur i Sogn og Fjordane. Nivået til deltakarane er høgt, og alle har grunn til å vere stolte av innsatsen sin. Responsen frå publikum, om lag 1000, stadfestar dette inntrykket, fortel Eva Kristin Svidal i fylkeskommunen.

UKM er eit arrangement som engasjerer. Rundt 700 har delteke på dei lokale mønstringane i kommunane.

Møteplass

UKM er ikkje ein konkurranse, men ein møteplass for ung kultur. Sjølv om nokre av innslaga blir valde ut til å representere fylket på den nasjonale UKM-festivalen, er det viktig å presisere dette.

– Helst ville vi ha sendt vidare alle til den nasjonale festivalen, og fagpanelet har nok ein gong hatt ei tøff oppgåve, seier Svidal.

Fagpanelet var sett saman av Gerd Endestad, Tommy Bredesen, Felicia Goll-Rasmussen, Line Dybedal, Thomas S. Øvstedal, Ivan Smilovski og Andrea Santiago Stønjum. Dei vart samde om at desse skal representere Sogn og Fjordane på UKM-festivalen i Stjørdal 24.–28. juni:

Sceneinnslag

  • Con Fusion frå Sogndal med låten «Fade». Gunn Marit Kvåle (18 år), Harald Ahlin Søvde (17 år), Jacob Årøy (17 år), Peter Sætre (17 år), Ronja Bøe Øygard (18 år), Vegard Lerum (17 år).
  • Blitz frå Fjaler, «Bury a friend», dans. Emilie Hjartholm (19 år), Martine Refsnes (15 år).
  • Sigrid Høgseth Felde (15 år) frå Fjaler med låta «Love of My Life»
  • Bjørn Kristoffer Trydal Solheim (18 år) og Marius Arntsen (18 år) frå Stryn med låta Geitafjellhyrna
  • Marius Arntsen (18 år) frå Stryn med låta «Just The Two Of Us»

Generell tilbakemelding frå fagpanelet

Det har vore stor breidde i arrangementet, og deltakarane har halde jamt høgt nivå. Fagpanelet håpar alle held fram med kunstformene sine, og gler seg til å sjå alle på ulike scener også i framtida.

Kunst

  • «Nynorskens skog», Jenny Heggheim Myklebust (19 år), Førde
  • «Kvinne i rødt» Sara Strandheim Forfod (18 år), Høyanger
  • «Kim breaks the Internet», Nina Berkova (16 år) og Sara Strandeim Forfod (18 år), Høyanger
  • «Raude støvlar frå levra», Mari Starheim Nese (19 år), Vik

Generell tilbakemelding frå fagpanelet

Kunstbidraga frå ungdomen i Sogn og Fjordane var i år hovudsakleg representert av tradisjonelle teknikkar som teikning og maling. Mange av arbeida bar preg av teknisk dyktigheit og framifrå formell kompetanse. Fagpanelet synes det var kjekt å sjå at nokon av deltakarane har turt å bruke store format på arbeida. Ein skulle gjerne ha sett fleire arbeid frå gutar, og gjerne fleire uttrykk som gjenspeglar ungdommen sin identitet og oppleving av dagens samfunn frå deira perspektiv. Den synte tradisjonelle kompetansen, gir god grobotn for etter kvart meir personlege uttrykk. Vi oppmodar lærarar og føresette til å la ungdomen uttrykke seg i kunsten også på sitt eige språk.

Smakebitar frå helga i foto

Foto til nedlasting, for media og andre, er tilgjengelege på Dropbox.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00