Fylket får 69,8 mill. i ekstra skjønsmidlar etter Dagmar

Sogn og Fjordane fylkeskommune får 69,8 millionar kroner til å dekkje kostnadar knytt til ekstremvêret Dagmar. Til no er det meldt inn skader på meir enn 90 millionar kroner på fylkesvegnettet etter uvéret i romjula 2011.

- Ekstremværet Dagmar ramma spesielt vestlandskysten i romjula 2011. Flaumen og uvêret gjorde stor skade på kommunal og fylkeskommunal infrastruktur. Dette betyr store og uventa utgifter for både kommunar og fylkeskommunar. Eg er glad for at vi kan bidra med å dekkje delar av utgiftene deira, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I revidert nasjonalbudsjett blei det løyva 145 millionar kroner ekstra i skjønsmidlar. Dette skal gå til kommunar og fylkeskommunar som blei ramma av uvêret.
Møre og Romsdal fylkeskommune får 17 millionar kroner i ekstra skjønsmidlar etter uvéret.

Praksis i saker der kommunar søkjer om skjønnsmidlar i samband med naturskade, er at departementet dekkjer halvparten av utgiftene. Dersom kommunen eller fylkeskommunen har meirutgifter ut over 250 kroner per innbyggjar etter at departementet har dekka halvparten, dekkjer departementet i tillegg det overskytande beløpet. Dette betyr at departementet vil kompensere Sogn og Fjordane fylkeskommune med 69,8 millionar kroner og Møre og Romsdal fylkeskommune med 17 millionar kroner.

Mange har framleis ikkje endeleg oversikt over kostnadane etter Dagmar. Kommunar og fylkeskommunar som blei råka, kan sende søknader til departementet fortløpande og seinast 1. november 2012. Kommunar skal sende søknad via fylkesmannen. Fylkeskommunane kan sende søknad direkte til Kommunal- og regionaldepartementet.

For meir informasjon
Tore Eriksen
fylkesrådmann
tlf. 57 65 61 14 / 415 30 932
e-post: tore.eriksen@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker