Foto av vindmøller.
Foto av vindmøller.

Foto: pixabay.com

Fylkesutvalet vil ikkje ha nasjonal ramme for vindkraft

Eit samla fylkesutval sa 28. august nei til ei nasjonal ramme for vindkraft, der utvalde område i Sogn og Fjordane blir peika ut som særleg godt eigna for landbasert vindkraft.

Det er Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som på oppdrag frå Olje- og energidepartementet har laga den nasjonale ramma, som dei presenterte i april i år. I Sogn og Fjordane blir desse områda peika ut:

  • Nordfjord og Sunnmøre: område som omfattar kommunane Vågsøy, Eid og Selje
  • Sunnfjord og Sogn: område som omfattar kommunane Askvoll, Hyllestad, Fjaler, Gaular og Høyanger
  • Nordhordland og Gulen: området omfattar Gulen, Høyanger, Masfjorden og Lindås

Vil ha regional råderett

Fylkesutvalet er negativ til ramma, då politikarane reagerer på blant anna manglande politisk involvering.

– Vi vil ha råderett over dette sjølve, og kommunane bør ha eit veldig sterkt ord med i laget. Her er det snakk om store naturinngrep, utan at kommunane får så mykje att, slår fylkesordførar Jenny Følling fast.

Sogn og Fjordane har ein regional plan for i vindkraft i dag. Fylkesutvalet meiner fylket er best tent med å ha ein regional plan for energi som overordna styringsdokument òg når det gjeld vindkraft.

Godt kunnskapsgrunnlag

Fylkesordføraren – og resten av fylkesutvalet – er likevel positiv til kunnskapsgrunnlaget som NVE har utarbeidd og vil leggje vekt på det i vidare forvaltning og handsaming av konsesjonssaker.

– Det er gjort eit solid grunnlagsarbeid her, noko både fylkeskommunen og kommunane kan nytte i vidare arbeid med denne tematikken. Vi meiner NVE bør halde fram arbeidet med å byggje opp eit samla kunnskapsgrunnlag for vindkraft, men vi vil ha avgjerdsmynde lokalt og regionalt, seier fylkesordføraren.

Saksframlegg: Nasjonal ramme for vindkraft

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut