Fylkesutvalet har peikt ut nytt styremedlem til Fjord1

Fylkeskommunen spelar inn Lars Birkeland som ny kandidat til Fjord1-styret. Det er generalforsamlinga i Fjord1 som gjer det formelle valet av nye styremedlem.

Lars Birkeland er konsernsjef i den svenske apotekkjeda Kronans Droghandel Apotek AS og har tidlegare vore administrerande direktør i Apotek1 i Noreg. Han er fødd i 1964 og er utdanna siviløkonom frå University of Rhode Island i USA.

Birkeland har leiarerfaring og -kompetanse innan rekneskap, finansiering og investering. Han har også erfaring frå fleire tunge styreverv og sit no i styret for Pocos Retail, Alchemy Trading AS og Ennte AS.

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av Fjord1, medan selskapet Havilafjord AS eig resten.

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
fylkesordførar
tlf. 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568