Representantar i fylkestinget stemmer på sak under fylkestinget 8. desember 2015 i Fylkeshuset.
Representantar i fylkestinget stemmer på sak under fylkestinget 8. desember 2015 i Fylkeshuset.

Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkesting 6. og 7. desember

Regionreform og prisutdelingar står på programmet til fylkestinget den 6. og 7. desember. Du kan følgje møtet direkte i nett-tv.

Sjå opptak frå  møtet i fylkestinget 7. desember.

Sjå opptak frå møtet i fylkestinget 6. desember.

Fylkeskulturprisen og Gründerprisen for ungdom 2016 vert delt ut til dei heldige vinnarane den 6. desember. Fylkeskulturprisen veit vi at skal gå til Ove Henning Solheim og Dans Uten Grenser, medan vinnar av gründerprisen framleis er hemmelig.

Du kan følgje møtet direkte overført her på sfj.no

Ei av dei store sakene under tingsetet og i fylkesutvalet 5. desember er Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune. I tilrådinga til vedtak ligg det føre eit primært standpunkt om å gå saman i ny Vestlandsregion med Hordaland og Rogaland, med intensjonsplanen for samanslåing lagt til grunn, gitt at tal fylkeskommunar vert vesentleg redusert. Sekundært standpunkt, om intensjonsplanen ikkje får tilslutning i alle fylkeskommunar, er å gå vidare i forhandlingar med Hordaland og eventuelt også Møre og Romsdal.

I sakspapira ligg og samandrag av høyringsfråsegnene som har kome inn under den offentlege høyringa. Les meir om denne og dei andre sakene til fylkestinget i saklista.

Fylkesting 6. og 7. desember

Saksframlegg til fylkestinget 6. og 7. desember 2016
Leikanger, Fylkeshuset

Tysdag 6 .desember kl 10.00:

  • Møte i fylkestinget: Ordførar i Leikanger kommune, Jon Håkon Odd, helsar tinget
    - utdeling av Fylkeskulturprisen 2016
    - utdeling av Gründerprisen for ungdom 2016

Handsaming av saker

  • kl 12.00: Lunsj på Sognefjord Hotel
  • kl 13.00: Møte i fylkestinget held fram
  • kl 20.00: Middag på Sognefjord Hotel

Onsdag 7 . desember

  • kl 09.00: Møte i fylkestinget
  • kl 12.00: Lunsj på Sognefjord Hotel
  • kl 13.00 Møte i fylkestinget held fram

Fylkesutval 5. desember

Saksframlegg til fylkesutvalet 5. desember 2016
Leikanger, Fylkeshuset kl. 16:00

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713