Fylkesting 4. juni, fylkesordføraren si tale

Fylkesordføraren si tale på Fylkestinget i Førde 4. juni, me påfølgande debatt. Debatten kan sjåast på nett-TV. 

Vel møtt til fylkesting i Førde!

Velkommen til det siste junitinget i Sogn og Fjordane fylkeskommune si historie. Dette året gjer vi mange ting for siste gang. Neste år er ei tid vi gjer mange ting for første gong. I denne talen vil eg både sjå tilbake på kva vi har gjort, for så å vende blikket framover – mot Vestland si framtid.

Det siste året har vore særs hektisk, og samanslåinga har ført til stort arbeidspress, både for politikarar og administrasjon. Eg meiner vi har jobba godt, og har gjort viktige grep siste fire åra, som har rusta fylket  for framtida. Fylkespolitikarane har stått samla om å sikre Sogn og Fjordane viktige posisjonar og råderett over våre kraftressursane. Framover blir det like viktig å stå samla for å bygge nye Vestland fylke og kjempe for våre interesser.

Det to saker vi har jobba svært mykje med dette året: å ivareta kraftressursane for folk i Sogn og Fjordane, og kjempe for nye oppgåver og økonomisk handlefridom i det nye fylket.

Vi treng å utvikle ein sterk, kompetent og demokratisk styrt fylkeskommune som vert ei drivkraft i samfunnsutviklinga. Satsing på opplæring, kunnskap og kompetanse blir eit kjerneområde framover. Fylka må få større ansvar for integrering og språkopplæring, og vi må forvalte meir av pengane til næringsretta forsking. Fylka burde ha fått fylt opp verktøykassa med næringsretta utviklingsmidlar og ansvar for fleire kulturoppgåver. Tida er inne for å etablere kulturfond med midlar frå stat, fylkeskommunar og gjerne også frå næringslivet. Vi har over tid hausta gode erfaringar med regionale forskingsfond, som har stimulert forskingsarbeidet over heile landet. Vi har difor spelt inn til Kulturdepartementet at det bør utarbeidast ein modell for eit nytt kulturfond!

 

Den største saka på denne tingseta gjeld eigarskapen i Sogn og Fjordane Energi AS. Og her må eg få repetere litt av vår nære historie:

Alt i forkant av forvaltningsreforma i 2010 såg fylkestinget føre seg kva som kunne kome til å skje. Difor oppretta vi eit holdingselskap som kunne handtere SFE-aksjane våre på ein god måte. Men først i 2017 vart det reell aktivitet i dette selskapet; då overførte vi SFE-aksjane våre til holdingselskapet. Regionreforma var då så vidt i gang. Gjennom ei innbyggjar-undersøking – knytt til denne reforma – fekk vi klare tilbakemeldingar på at det var tre forhold vi måtte passe på:

  • Det eine var det nynorske språket.
  • Det andre var dei store avstandane i vårt nye storfylke.
  • Det tredje var dei store kraftverdiane våre.

Vi starta straks arbeidet med å sikre at kraftverdiar som er skapte her i fylket, og som ligg i eigarskapen i SFE, kunne bli verande i Sogn og Fjordane. Vi bør alle merke oss at også Hordaland fylkeskommune – for ein del år tilbake – førte endå større kraftverdiar over til deira kommuneeigde kraftselskap.  

Vårt første steg var å engasjere rådgjevarar i saka. Det vart inngått kontrakt med advokatfirmaet Lund & Co. Våren 2018 arbeidde vi for at våre gode politikarkollegaer i sør skulle følgje opp intensjonsplanen, som dei sjølv hadde signert og godkjend. Då dette viste seg vanskeleg, valde vi å sjå på kva andre fylke har gjort, og den såkalla kommunemodellen vart utvikla. Aksjane i holdingselskapet vert inndelt i A- og B-aksjar. Modellen inneber at A-aksjane har kontroll i selskapet; resten er B-aksjar og vert overførte til kommunane. Alle aksjane gjev like mykje utbytte. I desember 2018 gjorde fylkestinget eit første vedtak som konkretiserte denne modellen.

Samtidig vart det naudsynt å ta ut søksmål mot vår medaksjonær i SFE – BKK – som hevda å ha forkjøpsrett dersom vi førte aksjane våre over til kommunane. Vi vann både tingretten og i lagmannsretten. BKK har no anka til høgsterett, og det står att å sjå om dei kjem gjennom nålauget i ankeutvalet.

Parallelt har det vore ført forhandlingar mellom Sogn og Fjordane Holding AS og BKK om å kjøpe BKK ut av SFE. Desse forhandlingane pågår heilt inn i dette fylkestinget. Mitt ønskje er at vi no står samla, og gjer dei betinga vedtaka vi treng for å kunne få avslutta saka. Eg er glad for det gode samarbeidet vi har hatt i det politiske miljøet, med fylkesrådmannen og med våre rådgjevarar frå advokatkontoret Lund & Co.

Vi har denne våren jobba med å bygge nye Vestland fylke. Vi har gjennomført fem gode dialogmøte, og fellesnemnda har møtt lokale folkevalde, organisasjonar og innbyggjarar som har fortalt oss kva som er viktig for dei der dei bur. Føremålet med møta har vore å få kunnskap om og innblikk i utfordringar i det nye fylket. Innspela skal vi ta med oss og leggje til grunn for våre prioriteringar i vår planstrategi, og innspela vil bli sentrale for aktivitetane i Vestland fylke.

Møta har vore like varierte som vestlandsnaturen, men nokre tema har gått igjen. Satsing på veg og samferdsle står fram som særs viktig. Det same gjer satsing på utdanning, og ikkje minst samhandling mellom fylket og kommunane, næringsliv og frivillige organisasjonar. Det er ei forventning og eit ønskje om at Bergen stiller opp for Vestland, og at det vert lagt til rette for levande bygder og bygdebyar. Klimaomstilling og det grøne skiftet blir viktig, og ikkje minst å lytte til og engasjere ungdommane. Det er flott å høyre på dykk ungdommane frå UPU som er her i dag, som snakkar engasjert om skulepsykolog, fritt skuleval, talerett på fylkestinget, og stemmerett for 16-åringar. 

Dei økonomiske utsiktene i Vestland blir tøffe. Sogn og Fjordane fylkeskommune har hatt god økonomistyring, og Rekneskapsoverskotet for 2018 viser 56 mill. kr i overskott. Men økonomiplanen viser samstundes at vi går inn i Vestland med ein ubalanse som er løyst med bruk av fond. Hordaland fylkeskommune har med seg store økonomiske utfordringar, mellom anna som følgje av satsing på miljøvennlege ferjer. Vi har jobba iherdig opp mot nasjonale myndigheiter for å få dekka kostnadene med omlegging til fossilfri transport, men fekk dessverre inga draghjelp i kommuneproposisjonen for 2020. Det vert difor krevjande år framover, og vi må sjå på både drifts- og investeringsnivået. Nett no er utfordringa i driftsbudsjettet for Vestland fylkeskommune på om lag 400 mill. i 2020. Manglande vilje på Stortinget til å ta miljøkostnadene, kan føre til at klimaomstillinga stoppar opp. Dette er ikkje akseptabelt.

Som de veit har vi lagt opp til eit ambisiøst investeringsprogram i økonomiplanen. Nokre prosjekt har fått endeleg vedtak i fylkestinget våren 2019. Førde vidaregåande skule skal samlast til eit skule- og oppvekstsenter på Øyrane. Sogndal vidaregåande skule får oppgradering av kritiske fasilitetar og utleige til Vitensenter, tannklinikkar i Sogndal, Florø og Førde vert opprusta og det vert bygd nytt opplæringsfartøy ved Måløy vidaregåande skule. Vi har også vedtatt fleire viktige samferdsleprosjekt.

Investeringane har vore eit viktig tema i fellesnemnda for Vestland sitt arbeid med budsjettet. I siste møte  vart prosjekt som ikkje er påbegynt skyvd fram med eitt år, men det vart presisert at planlegginga skulle halde fram. Fv. 57 står for meg i ei særstilling, ein pendlarveg med høg trafikk og svært dårleg standard. Denne vegen må opprustast.

Fylkestinget handsamar fleire viktige samferdslesaker i denne tingseta. I desember 2017 gjorde eit samrøystes fylkesting vedtak om å søkje ferjeavløysing for Ytre Steinsund. Bruprosjektet i Solund vart såleis det første ferjeavløysingsprosjektet i Sogn og Fjordane. Det er sjeldan eit politisk vedtak i fylkestinget skapar slike jubelscener som vi opplevde denne dagen.

Etter at vi søkte, tok det ni månader før Samferdsledepartementet godkjende prosjektet. Framleis ventar vi på svar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dette har no teke 1,5 år, og framleis veit vi ikkje når svaret kjem.

Stortinget vedtok i desember 2018 å be regjeringa føreslå moglege endringar i ferjeavløysingsordninga. Eg hadde forventa at dette kom i revidert nasjonalbudsjett. Det skjedde ikkje. Dette er ikkje godt nok. Vi treng svar, og vi treng ei ferjeavløysingsordning som dekker avdrag og alle renteutgifter på ferjeavløysingsprosjekta.

Eg håpar likevel fylkestinget stadfestar at Ytre Steinsund bru skal realiserast.  Atløysambandet ligg noko lenger fram i løypa. Det er positivt at arbeidet med reguleringsplanen no er godt i gang. Det vil bli krevjande å finansiere, men eg håpar Atløysambandet kan nyte godt av ei betre ferjeavløysingsordning, og vi kan bygge bru, som kan avløyse «bompengar til evig tid», eller ferjebillett som det heiter.

Ei anna viktig samferdsle- og klimasak er hurtigbåtanbodet. Hurtigbåtane mellom Sogn og Fjordane og Bergen utgjer om lag halvparten av våre klimautslepp på kollektivsektoren. Fylkespolitikarane har store ambisjonane om å redusere utsleppa -men om vi vil makte det økonomisk - er det store spørsmålet. Vi har sett av 105 mill. per år til å kjøpe universelt utforma og miljøvennlege hurtigbåtruter frå 2022.

Vi styrkar kompetansen, deltek i utviklingsprosjekt og gjennomfører dialogar med marknadsaktørar for å finne ut kva som er teknisk og økonomisk mogleg. Vi har òg eit klimasatsprosjekt saman med Hordaland og Trøndelag om infrastruktur for framtidas hurtigbåtar, og vi gjennomfører dialogmøte med kommunane. Det kostar å følgje opp nye lovkrav, fornying av fartøy og ny og grøn teknologi. Det vert jobba godt med å få ned energibruken – dette er svært viktig  ved overgang til hydrogen eller batteri.

Fylkeskommunen gjer store innkjøp, og har ei viktig rolle i å bestille klimavenlege varer og tenester. Vi treng både kompetanse og kapital for å kunne stille krav om nullutslepp i byggeprosjekt, i nye ferjer, båtar, bilar og bussar. Noreg har blitt eit rikt land på grunn av store inntekter frå fossil energi. Noko av dette bør gå til å betale for heilt nødvendig omstilling til utsleppsfrie transportløysingar. Storting og regjering må ta klimaansvar. Vi kan ikkje la omstillinga gå ut over rutetilbodet til folk, auka bilettprisar eller kutt i dei vidaregåande skulane.

Bilen vil framleis ha ei viktig rolle i fylket. Mange stader  er det ikkje eit reelt alternativ med kollektiv, sykkel eller gangvegar. Nasjonalt er over halvparten av nybilsalet elbilar. Eit godt utbygd nett av hurtigladestasjonar er difor viktig. ENOVA lyser no ut offentleg støtte til ladestasjonar. Dette må vi vere med på. Vi har framleis kommunar som har låg dekning eller som manglar ladestasjonar.

Det gler meg stort å sjå at næringslivet i fylket blomstrar og har blitt gode på å samarbeide. Denne kulturen om samarbeid har vokse dei seinare åra. Strålande prosjekt som;

  • Førde Campus Øyrane
  • SITEP i Årdal
  • Måløy Marine Ressurssenter
  • Fjordane Virtuelle Campus
  • PEAK Sunnfjord
  • Felles fruktlaget i Lærdal

Ja, lista er lang over kunnskapsklynger og spennande miljø som har vokse fram. Eg er sikker på at dette vil vise igjen i forma av auka verdiskaping, knoppskyting og fleire arbeidsplassar. Det er difor viktig at fylket har musklar til å gi støtte og fødselshjelp.

Vestland må bli velstand. Vi har eit hav av ressursar; fiske, havbruk, olje/gass, landbruk, industri, mineralar og fornybar energi. I kraftfylke med stor kraftproduksjon og spreidd busetting er nasjonal utjamning av nettleiga eit heilt nødvendig og rettkome krav.

Vi har med oss mykje erfaringar, ressursar og kompetanse inn i nye Vestland fylke. Men Sogn og Fjordane har - til liks med distrikts Hordaland - spreidd busetnad, store avstandar, aldrande befolkning og krevjande geografi. Å bygge saman fylket med veger, breiband, båt- og busstilbod, og å bygge ei kulturell samkjensle vil verte avgjerande for å skape eit sterkt vestlandsfylke. Vi må sjå busetjing, kommunikasjon og regional utvikling i samanheng, og utvikle levedyktige og attraktive lokalsamfunn, tettstader og byar.

Eg vil gi ros til fylkespolitikarane som har vore konstruktive og stått samla i viktige saker. Framover blir det like viktig å stå saman om å bygge nye Vestland, og legge til rette for ei positiv utvikling i vårt nye flotte fylke. Eg vonar på ein god debatt og at vi får ei god tingsete her i Førde.

Takk for meg!