Fylkesrådmannen legg fram årsrapporten for 2013

Tore Eriksen legg no fram årsrapporten for sitt første heile år som fylkesrådmann. I forordet tek han opp fleire tema, blant anna debatten om kommunestruktur, som skaut fart med regjeringsskiftet i 2013.

– For det første bør vi diskutere kva oppgåver som skal liggje til kommunesektoren, og kva oppgåver som bør desentraliserast frå statleg nivå, både sentralt og frå fylkesnivået. Kvifor skal vi vente med dette? spør Eriksen.

Han uttrykkjer at terrenget (oppgåvene) bør forme kartet (kommunestrukturen), ikkje omvendt.

Tre avklaringar som må til

Fylkesrådmannen er oppteken av at vi bør klårgjere tre ting i debatten om kommunestruktur:

  • om det framleis skal leggjast til rette for interkommunalt samarbeid
  • om generalistprinsippet – om at alle kommunar skal ha same oppgåver – bør vidareførast
  • om vi framleis skal ha eit forvaltningsnivå mellom stat og kommune

– Dersom mellomnivået vert fjerna, generalistprinsippet halde i hevd og interkommunalt samarbeid minimalisert, må dei nye kommunane truleg ha eit folketal på nivå med dagens Sogn og Fjordane. Alternativt må staten overta tunge fylkeskommunale oppgåver, og det kan fort føre til ytterlegare sentralisering, meiner Eriksen.

Summerer opp året som har gått

I årsrapporten trekkjer fylkesrådmannen særleg fram at 2013 kjem til å bli hugsa som året der fylket fylte 250 år. Det var også året der fylkeskommunen avslutta fleire store og viktige planprosessar, som Regional transportplan og skulebruksplanen.

Fjoråret var også prega av fleire store ulukker i Sogn og Fjordane. Vi hadde blant anna uvanleg mange trafikkulukker der menneskeliv gjekk tapt, drapa på rutebussen i Årdal og brannen i Gudvangatunnelen. Fylkesrådmannen nyttar difor høvet til å peike på at slike hendingar viser kor viktig det er at den statlege justis- og beredskapssektoren legg stor vekt på lokal handlekraft. Og ikkje minst at lokale styresmakter følgjer opp innan trafikktrygging, legevakt og alarm-, brann- og redningstenestene.

Les heile årsrapporten for 2013 som pdf.
Les heile årsrapporten for 2013 som issuu.

For meir informasjon

Tore Eriksen
415 30 932
tore.eriksen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut