Fylkesrådmannen held innlegg om oppreisingsordninga

26. oktober held fylkesrådmann Jan Øhlckers innlegg om oppreisingsordninga på haustkonferansen til KS i Førde. Ordninga er etablert for at personar som var utsette for overgrep eller omsorgssvikt under kommunal eller fylkeskommunal omsorg før 1. januar 1993, kan søkje om oppreising.

– Dette er ei svært viktig ordning, som viser at fylkeskommunen og kommunane vil ta eit moralsk ansvar, og gi ei orsaking til personar som vart utsette for overgrep eller omsorgssvikt medan dei var under kommunal omsorg, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Oppreisingsordninga er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og dei fleste kommunane i fylket, og ho trer i kraft 1. januar 2011. Fylkestinget vedtok i juni at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal vere med i ordninga.

Utval skal avgjere søknadane

På haustkonferansen til Kommunenes Sentralforbund (KS) Sogn og Fjordane i Førde tysdag 26. oktober skal fylkesrådmann Jan Øhlckers halde innlegg om ordninga. Han vil då ta føre seg status for ordninga og praktisk informasjon rundt oppstarten i januar neste år.

Med oppreisingsordninga vert det mogleg å søkje økonomisk oppreising for personar som var utsette for overgrep eller omsorgssvikt medan dei var plasserte i fosterheimar eller på institusjon før 1. januar 1993. Det vert mogleg å sende inn søknader frå og med 1. januar 2011 til og med 1. januar 2013.

Det er oppretta eit oppreisingsutval som skal avgjere søknadane. Utvalet har følgjande medlemer:

• Arvid Mellingen – Jurist – leiar av utvalet
• Wenche Myklebust – Psykolog
• Inger Johanne Solheim – Cand. polit. (samfunnsviteskapleg embetseksamen av høgare grad)

Alle medlemane har lang og relevant erfaring frå helse- og sosialsektoren.

For meir informasjon, ta kontakt med:

Merete Myklebust
Juridisk rådgjevar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
E-post: merete.myklebust@sfj.no
Tlf: 57 65 61 81

Del dette:

Relaterte lenker