Fylkesprisen for idérike bygder går til Nordsida utviklingslag i Stryn

Juryen legg vekt på at Nordsida utviklingslag vart skipa allereie i 1988 og er eitt av dei eldste bygdeutviklingslaga i fylket. Laget har heile tida vist evne til nytenking. Dei fire bygdene på Nordsida har etablert eit godt samarbeid, og laget samarbeider også godt med Stryn kommune.

Mange gode tiltak

Nordsida utviklingslag arbeider med å leggje til rette både for både næring og trivsel på Nordsida. Det er godt dokumentert at det er stor dugnadsånd og god gjennomføringsevne bygdene i bygdene.

Tiltak som viser noko av breidda i arbeidet deira er:

  • Nordsida næringsstove
  • Panoramavegen (merkevarebygging)
  • Nordfjord fritidssenter
  • Sagedammen (aktivitets- og kulturformidlingsområde)
  • Gartnarordning (for ivaretaking av kulturlandskap og anlegg)
  • Kulturdagane på Ulvedal
  • Tomteutvikling

Fylkesprisen for idérike bygder er på 30 000 kroner og eit diplom og vert delt ut under fylkestinget i desember.

Les meir om tildelinga i saksutgreiing til hovudutvalet for plan og næring

Desse har fått fylkesprisen for idérike bygder dei siste åra

2011 Viksdalen grendalag
2010 Fjærland bydeutviklingslag
2009 Breim bygdeutviklingslag
2008 Holmedal Vel
2007 Sørsida av Lustrafjorden
2006 Eikefjord Grendelag
2005 Jostedalen

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut