Fylkesordføraren utfordrar kommunane til å bli trygge lokalsamfunn

Folkehelsedagane 2011 gjekk av stabelen i Førde 8. og 9. november. Det var to dagar fullpakka med føredrag om og diskusjonar rundt ulike tema innanfor folkehelse. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes opna samlinga, og sa at ho vil oppmoda alle kommunane i fylket til å bli trygge lokalsamfunn.

Per i dag er Sogn og Fjordane det einaste fylket i landet som er utnemnt og godkjent som trygt lokalsamfunn (Safe Community) av verdens helseorganisasjon. Høyanger og Årdal er dei einaste kommunane i fylket som har denne statusen.

– Eg kjem til å utfordre alle kommunane til å bli trygge lokalsamfunn, og eg håpar eg har mange medspelarar i dette arbeidet her i salen, sa fylkesordføraren i opningsinnlegget sitt.

Folkehelse spenner over alle politikkområde
Kommunane har ansvar for folkehelse, og det same har fylkeskommunane fått etter den nye folkehelselova. Folkehelse er også sett på dagsorden i samband med samhandlingsreforma. I opningsinnlegget sitt åtvara fylkesordføraren om at ein ikkje bør leggje for stor vekt på stavinga helse i ein snever medisinsk terminologi.

– Folkehelse er så mykje meir enn det. Folkehelse spenner over alle politikkområde frå kultur, næring, samferdsle, opplæring til helse og tannhelse. Det spenner om alle samfunnslag og alle aldersgrupper, slo Kjelsnes fast.

Vart irritert på vegne av alle eldsjeler og frivillige
Ho fortalde vidare om kvifor ho sjølv har valt å engasjere seg så sterkt i folkehelse- og skadeførebyggjande arbeid.

– Det var ein gong ein forståsegpåar som gav meg ei lekse om at ein ikkje kunne gjere politisk karriere på førebyggjande arbeid, folkehelse eller trafikktrygging. Eg vart litt irritert på vegne av alle eldsjelene, frivillige og alle andre som jobbar jamt og trutt. Dei spring ikkje etter målbare resultat på to veker eller to år, men har ei inderleg tru på at innsatsen vil gjere ein forskjell om ti år eller om tjue år. Så eg bestemde meg for å engasjere meg i folkehelse, skadeførebyggande arbeid og spesielt trafikktrygging, sa Kjelsnes, som blant anna har vore leiar for trafikktryggingsutvalet i fylket i fleire år.

Presentasjonar frå Folkehelsedagane
Folkehelsedagane vart arrangert av Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og prosjektet samhandling i Sunnfjord og Ytre Sogn.

Presentasjonane frå Folkehelsedagane 2011.

For meir informasjon, ta kontakt med
Åshild Kjelsnes
fylkesordførar
tlf.: 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette