Fylkesordføraren opnar operavekene i Nordfjord

Laurdag 29. september er det premiere på Madama Butterfly og avspark for operavekene 2012 ved Opera Nordfjord. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er på plass for å få med seg premieren. Ho roser operaen, og meiner han ikkje står tilbake for nokon.

– Opera Nordfjord har til dei grader vist at han er levedyktig. Lista over repertoar kunne like godt vore henta frå av dei store operahusa i verda. Her har vi sett La Traviata, La Boheme, Figaros bryllup og Carmen for å nemne nokon. Og i år står Puccini sin vakre Madama Butterfly på plakaten. Vi er midt i smørauga og midt i det gode selskap, slår Kjelsnes fast.

Fylkesordføraren er glad for å få opne operavekene hausten 2012, som består av ti oppsetjingar av Puccini-stykket. Det er sagt at dette er basert på faktiske hendingar i Nagasaki i Japan i 1890-åra. Madama Butterfly er den åttande mest spelte operaen på verdsbasis.

– Eg er sikker på at det er mange operaelskarar rundt om i landet, og langt utafor landets grenser, som misunner oss denne kvelden, desse operavekene vi årleg har i fylket vårt, seier fylkesordføraren.

Madama Butterfly på Opera Nordfjord

Del dette:

Relaterte lenker