Fylkesordføraren ønskjer OL-deltakarane frå fylket lukke til i Sotsji

Heile fem utøvarar frå Sogn og Fjordane skal delta i OL og Paralympics i Sotsji i februar og mars. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes ønskjer lukke til på vegne av fylket og gler seg til å følgje utøvarane i jakta på medaljar og gode plasseringar.

– Eg tykkjer det er heilt fantastisk at Sogn og Fjordane er så godt representert i OL. Det må vere til stor inspirasjon for born og unge rundt om i klubbane våre, seier Kjelsnes.

Sogn og Fjordane er best representert i skiskyting, der både Ann Kristin Flatland og brørne Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø stiller til start. I tillegg representerer Anders Fannemel både fylket og landet i hoppbakken, og Jan Roger Klakegg er med på landslaget i kjelkehockey i Paralympics.

– Dette er strålande ambassadørar for Sogn og Fjordane og vi er umåteleg stolte av dei. Vi ynskjer dei lukke til, og håpar draumane deira går i oppfylling. Men opp i all konsentrasjonen og ytingane håpar vi dei får høve å nyte det å vere OL-deltakar også, avsluttar fylkesordføraren.

OL i Sotsji i Russland startar fredag 7. februar og varer fram til søndag 23. februar. Paralympics vert arrangert i same by frå 7. til 16. mars.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut