Fylkesordføraren møtte idrettspresidenten
Fylkesordføraren møtte idrettspresidenten

Tom Tvedt, Jenny Følling og Nils R Sandal. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Kristin Rundsveen

Fylkesordføraren møtte idrettspresidenten

- Tidlig innsats er utruleg viktig, og vi må nå alle sosiale grupper sa fylkesordførar Jenny Følling i møte med mellom andre idrettspresident Tom Tvedt.

Sogn og Fjordane representert ved fylkeskommunen og Sogn og Fjordane idrettskrins møtte representantar for Norges idrettsforbund i Førde 10. februar. Styreleiar i Sogn og Fjordane idrettskrins Nils R. Sandal opna møtet med å skildre Sogn og Fjordane som eit idrettsfylke, der idretten har ein viktig plass blant innbyggjarane. Han meiner ein treng godt samarbeid mellom Noregs Idrettsforbund (NIF) og offentleg forvaltning, og understreka at ein i dag har eit godt og konstruktivt samarbeid med fylkeskommunen.  - Idretten er ein heilt spesiell reiskap som kan brukas for å nå dei måla og ambisjonane som politikare og leiarar set for innbyggjarane sine, sa Sandal.

For idrettspresidenten var det viktig å fortelje om NIF og Olympiatoppen si satsing, også gjennom dei regionale toppidrettssentera
- Alt for mange talent forsvinn på vegen, det regionale og lokale arbeidet må styrkast. Vi ynskjer kompetanseheving gjennom idrettskrinsane - ein toppidrettstanke og kunnskap lokalt for dei som vil gå vidare, sa Tom Tvedt. Tvedt fortalde også at Idrettsforbundet set inn eit krafttak for å hindre betting-reklame, og at NIF i denne saka treng politisk drahjelp. Han drog fram korleis Idrettsforbundet er oppteken av å beskytte borna på fleire område og trakk fram Barnerettsbestemmingane som viktige.

Fylkesordførar Jenny Følling presenterte fylkeskommunen sin regionale plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016-2019. Eit av hovudmåla der er å fremje trivsel, deltaking og meistring, som saman med gode levevilkår gjev god helse og livskvalitet for innbyggjarane i Sogn og Fjordane.
- Vi er opptekne av kompetanseheving, både i fylkeskommunen og i kommunane. Vi i Sogn og Fjordane skriv no gode søknadar til Spelemiddelordninga som bidreg til fleire idretts- og frittidsanlegg, sa Følling, som også understreka kor viktig idretten og ildsjelene er for inkludering i fylket. Ho presenterte også arbeidet med regionreforma i fylket, der avgjerda i Stortinget også vil få konsekvensar for idrettsforbundet.

Både idrettspresidenten og fylkesordføraren er opptekne av folkehelse og er einige om at fysisk aktivitet gjev velvære og betre helse. Tvedt trakk også fram at idrett er viktig for inkludering, og at dugnad i seg sjølv er verdifullt. Følling understreka viktigheita av å komme tidleg «på bana», og at idretten er ein god måte å nå dei fleste sosiale grupper på. - Ein time med fysisk aktivitet kan være eit viktig tiltak; ungar som er fysisk aktive får både betre helse og betre skuleresultat, sa Følling

Møte med NIF og SFIK

For meir informasjon, kontakt:
Jenny Følling
fylkesordførar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568