Fylkesordføraren med på skipinga av støttegruppe etter 22. juli

Åshild Kjelsnes var 4. desember med på oppstartsmøtet for ei støttegruppe for nordvestlandet. Gruppa skal ta opp aktuelle saker som gjeld oppfølging av dei som vart råka av tragedien 22. juli.

Over 30 personar deltok på skipingsmøtet for Støttegruppa etter 22. juli, Nordvest i Stryn kulturhus. Gruppa skal vere ein medlemsorganisasjon og eit sosialt nettverk for dei som på eitt eller anna vis vart råka av hendingane i Oslo og på Utøya.

Det er fritt medlemsskap i gruppa. Ei av oppgåvene er å vere kontaktpunkt mot ulike samarbeidspartar for å ta tak i utfordringar som finst i dag og som kjem framover.

På møtet i Stryn vart det valt eit interimsstyre. Dette skal blant anna lage ein handlingsplan og førebu ordinært årsmøte i første halvdel av 2012. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes deltok i valnemnda som representant for Sunnfjord.

Interimsstyret
Sigmund Vereide – leiar
Thor Mehammer
Inge Sveen
Torild Flåte
Ingrid Heggø
Kolbein Fridtun

Vara
1. Fred Ove Løtuft
2. Ragnhild Lunde
3. Ingrid Fridtun Vereide

Del dette:

Relaterte lenker