Foto av Jenny Følling på møte i Europarådet sin Congress Monitoring Committe. Biletet er frå møtesalen med mykje folk rundt. Følling ser i kameraet, har øyretelefonar på og pc og papir framføre seg på bordet.

Fylkesordføraren med Europarådet til Athen

Fylkesordføraren sit i hovudstyret til KS og er i regi av det også delegat i Europarådet sin Congress Monitoring Committe, som torsdag 16. februar hadde møte i Athen.

På møteagendaen sto mellom anna fleira rapportar om forholda lokalt og regionalt demokrati i Finland, Island, Estland og Malta og observasjonar frå val i Bosnia og Herzegovina. Migrasjon i Europa var også eit viktig tema.

Kongressen drøfta særleg situasjonen i Tyrkia, der dei nyleg sende representantar for å undersøkje og finne fakta rundt korleis folkevalte har vore handterte. Fylkesordførar Jenny Følling seier at observatørane beskriv ein situasjon der mange folkevalde ordførarar, fleire av dei kvinner, er arresterte og avsette. Ho understreker at dette fortel oss nok ein gong at demokratiet er noko vi ikkje kan ta for gitt, og det er mange land som har ein lang veg gå.

Internasjonal pressemelding om møtet.