Fylkesordføraren gler seg over optimismen i næringslivet

Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane vart presentert 20. januar, og det viste at det er venta både auka omsetning og styrka lønsemd for Sogn og Fjordane i 2011.

Fylkesordførar Nils R. Sandal opna presentasjonen, og han la vekt på at nedgangen ein såg i næringslivet for få år sidan, no ser ut til å ha snudd.

Kompetanseutvikling viktig

– Det gledar meg at vi i dag kan presentere eit næringsbarometer der dei fleste piler peikar vidare oppover for 2011. Mykje tyder på at vi er inne i ein ny opptur for fylket vårt. Dette er sjuande året eg som fylkesordførar har gleda av følgje med på næringsbarometeret, og dei første åra fram til 2007 melde vi om stadig betre tider. Men i løpet av våren 2008 melde mange av bedriftene våre om usikre tider, og utover året fekk vi raskt ei negativ utvikling, før Næringsbarometeret i fjor melde om forsiktig optimisme, seier Sandal.

Han legg vekt på at ein i gode tider må byggje eit robust næringsliv, som tåler ein støyt når det før eller seinare igjen vil butte imot. Fylkesordføraren meiner det er viktig å satse endå meir systematisk på kompetanseutvikling på alle nivå – for å kunne hevde seg i konkurransen om arbeidskrafta.

– Vi konkurrerer om den attraktive arbeidskrafta, og i denne konkurransen må vi verte endå flinkare til å få fram at Sogn og Fjordane er eit fylke som har mykje å by på – også i arbeids- og karrieresamanheng. I samband med dette, er det også viktig at vi utnyttar dei moglegheitene som ligg i ny teknologi, seier han.

Les òg:

Ny vekst i næringslivet

Last ned Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane som pdf
Sjå opptak av presentasjonen av Næringsbarometeret
Sjå bilete frå presentasjonen på Flickr-kontoen til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Desse kan nyttast fritt mot kreditering.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00