Foto av eit Dash 8-100 Widerøe-fly, som står parkert på rullebana. Det er folk på veg inn i flyet, og i bakgrunnen ser vi snødekte fjelltoppar.
Foto av eit Dash 8-100 Widerøe-fly, som står parkert på rullebana. Det er folk på veg inn i flyet, og i bakgrunnen ser vi snødekte fjelltoppar.

Foto: Widerøe.

Fylkesordføraren fryktar flyrutekjøp

Fylkesordførar Jenny Følling hadde venta meir konkrete oppgåver i stortingsmeldinga om regionreforma. Og ho fryktar at ansvaret for flyrutekjøp blir overført til regionane utan nok midlar.

Kommunal- og moderniseringsministeren trekkjer fram kjøp av innanlandske flyruter som ei av dei statlege oppgåvene som skal overførast til dei nye regionane. Dette er ei oppgåve eit samrøystes fylkesutval i oktober sa klart at det ikkje ønskjer at det regionale nivået skal ha.

Fryktar pengekutt

– Vi får flyrutekjøp, noko vi ikkje har bedd om, men som vi har frykta at vi skulle få. Her er det stor fare for at vi over tid ikkje får kompensert for dei kostnader som måtte kome. Då er det vi som får problemet, og vi kan måtte gjere vanskelege prioriteringar mellom til dømes buss- og flyruter. Dessutan er det berre få av dagens fylke som har tilskotsbaserte flyruter. Dersom regionane skal overta dette ansvaret, må det følgje med økonomi til å drive og utvikle flyrutetilbodet. Elles blir dette fort ei økonomisk hengemyr, slår fylkesordførar Jenny Følling fast.

Fylkesutvalet meiner vi er beste tente med at det er Samferdsledepartementet som gjennomfører kjøp av regionale flyruter – slik det er i dag.

Ny oppgåvefordeling

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner la 5. april fram innstillinga si til ny regionstruktur. Han presenterte også ein del av oppgåvene regjeringa ser føre seg at dei nye regionane skal ha.

Regjeringa vil leggje den offentlege tannhelsetenesta til kommunane, medan blant anna statlege fiskerihamneanlegg, tilskotsmidlar innan landbruket, midlar til kultur, fleire frilufts- og kulturminneoppgåver og styrking av regional planlegging som verkemiddel vert lagt til regionane.

Stortinget skal i juni setje ned eit ekspertutval som skal arbeide vidare med oppgåve- og forvaltningsstrukturen. Det er viktig at dette utvalet får eit ope mandat som gjer det mogleg å peike på fleire oppgåver.

Hadde venta noko meir konkret

Fylkesordføraren meiner at det er positive signal, men hadde venta at regjeringa skulle vere meir konkret om oppgåvefordelinga.

– Det regjeringa la fram om oppgåver er for svakt, vi hadde venta noko meir konkret. No må vi setje vår lit til Stortinget og ekspertutvalet sitt arbeid. Dei nye oppgåvene til det regionale nivået må vere både tenesteproduksjon og forvaltningsoppgåver, seier Følling.

Ho trekkjer fram at fylka må behalde oppgåvene dei har i dag, og at døme på nye oppgåver kan vere innan integrerings- og mangfaldsfeltet, miljøvernoppgåver og dei delane av BUF-etat som uansett blir liggjande på eit nivå over kommunane. Følling er særskilt uroa over flyttinga av tannhelsetenesta. 

– Om kommunane skal overta dette ansvaret, så må dei setjast i stand til det. Vi kjem framleis til å ha veldig mange forholdsvis små kommunar her i landet, som kanskje ikkje ha føresetnadane dei treng for å overta denne tunge oppgåva, seier fylkesordføraren.

Nye regionar

Sanner teiknar det nye regionkartet med slike samanslåingar:

  • Hordaland og Sogn og Fjordane
  • Aust-Agder og Vest-Agder
  • Vestfold og Telemark
  • Oppland og Hedmark
  • Buskerud, Akershus og Østfold

Inndelinga i Nord-Noreg vert klart seinare, og det nye trøndelagsfylket trer i kraft 1. januar 2018.

Fylkesmannsembeta vil følgje dei nye fylkesgrensene, og regjeringa varslar i tillegg ein gjennomgang av dei andre statlege, regionale strukturane.

Pressemelding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet: «Forslag til ny fylkesinndeling».

Stortingsproposisjon 84 S (2016-17) Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå.

Meir om arbeidet med regionreforma i Sogn og Fjordane.

Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713