Fylkesordføraren ber staten sikre flytilbodet i distrikta

Staten må ta eit overordna ansvar for å sikre eit effektivt og langsiktig flytilbod i heile landet. Det slår fylkesordførar Åshild Kjelsnes fast i ein kommentar til at SAS ønskjer å selje Widerøe. Ho meiner Widerøe også i framtida må syte for at distrikts-Noreg har det flytilbodet som trengst.

Widerøe opererer i dag fleire ruter for staten på anbod. Dette gjeld særleg til mindre flyplassar i distrikta der trafikkgrunnlaget er for lite til å drive kommersielt.

– Eit effektivt tilbod på kortbaneflyplassane er avgjerande for å kunne halde oppe eit desentralisert næringsliv og busetnad i alle delar av landet. Widerøe har ei sterk forankring i distrikts-Norge. Der er kortbanenettet viktig, seier Kjelsnes.

Leverer etterspurde tenester

Ho er oppteken av at staten må sikre at nye eigarar i Widerøe held oppe flyrutetilbodet i samsvar med konsesjonsvilkår og behova i dei ulike ruteområda.

– Widerøe er eit selskap som står på eigne bein, går godt og leverer etterspurde tenester. Det er viktig at nye eigarar fører vidare denne driftsprofilen, seier Kjelsnes.

Ho understrekar at det produktet Widerøe leverer gjennom Star Alliance må halde fram. Dette gjeld blant anna gjennomgåande billettering og handtering av bagasjen.

– Eg er glad for at dette også er SAS sitt ønske, avsluttar fylkesordføraren.

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
tlf. 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker