Fylkesordføraren aktiv for å styrkje posisjonen til fylket i petroleumsnæringa

Åshild Kjelsnes har sett av heile veka til å marknadsføre Sogn og Fjordane for olje- og gassnæringa. På opningsdagen hadde ho møte med blant andre franske GDF SUEZ, kanadiske Suncor og tyske RWE-Dea. Seinare i veka vert møta med Statoil, BG og Greater Stavanger viktige.

GDF SUEZ er alt etablerte i Florø, og fylkesordføraren ser lyst på utsiktene for at dei vert verande.

Fylkesutvalet invitert til Gjøa

– GDF forlenger ikkje driftsstøtteavtalen dei har hatt med IKM i Florø. I staden flyttar dei personale og arbeidsområda frå IKM inn i eigen organisasjon. Det viser at dei tenkjer langsiktig her i fylket, og det er i tråd med signala dei har gitt oss frå dag ein, seier Kjelsnes.

GDF nytta også høvet til å invitere heile fylkesutvalet til å besøke Gjøa-plattforma, og fylkesordføraren håpar å få til dette i løpet av hausten.

Stort potensial for petroleumssatsing i Sogn og Fjordane

Kjelsnes meiner det er ein viktig del av jobben som fylkesordførar å vere med å leggje til rette for vidare satsing på olje og gass i Sogn og Fjordane. På ONS møtest næringsliv og politikk på den nest største oljemessa i verda. Det er venta kring 50 000 besøkande i løpet av veka.

– Eg meiner det er svært viktig at vi som politikarar er med og følgjer opp olje- og gassnæringa i fylket. Sogn og Fjordane har eit stort potensial for industriutvikling i petroleumssektoren. Dei andre basane er på hogget, då må vi vere det òg, for å sikre og styrkje posisjonen vår, slår fylkesordføraren fast.

Inviterer RWE Dea til Florø til vinteren

Ho meiner møta med Statoil og BG blir nokon av dei viktigaste under oljemessa. Statoil er sjølve grunnplanken i olje- og gassnæringa i Sogn og Fjordane og har vore etablert i Flora i mange år. BG har bestemt at også dei skal starte opp i Sogn og Fjordane. Fylkesordføraren ser også fram til møtet med tyske Wintershall.

– Dei arbeider med Skarfjell-feltet. Vi ønskjer å etablere ein sterkare kontakt med dei med tanke på kva vi kan tilby i framtida for å skape ny aktivitet i fylket, seier Kjelsnes.

Ho hadde møte med eit anna tysk selskap – RWE Dea – på opningsdagen av messa. Administrerande direktør Hans-Joachim Polk var svært optimistisk for utviklinga av sokkelen utanfor Sogn og Fjordane, og framheva at ulike selskap bør samarbeide om å utnytte og utbetre infrastrukturen. Fylkesordføraren tek sikte på å leggje til rette for eit besøk for Polk i Florø i løpet av vinteren.

Vil kople Sogn og Fjordane på Greater Stavanger

Møtet med Greater Stavanger vert også viktig. Det er eigd av 15 kommunar, Rogaland fylkeskommune og ei rekkje verksemder. Dei har gått saman i ein organisasjon for å marknadsføre verksemdene og regionen.

– Vi tek kontakt med dei for å skape kontaktpunkt mellom verksemder i Sogn og Fjordane og Greater Stavanger, som er meir etablert inn mot oljeindustrien. Vi vil introdusere og kople på den nye maritime foreininga som er starta opp i Sogn og Fjordane, fortel fylkesordføraren.

I løpet av veka vil Kjelsnes også følgje opp arbeidet med å etablere subsea-bachelorutdanninga i Flora. Målet er at denne skal starte opp hausten 2013.

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
tlf.: 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00