Fylkeskommunen tilbyr utdanningstøtte for å redusere uønskt deltid

Det er i år sett av 200 000 kroner i utdanningstøtte til tilsette som vil auke stillingsprosenten sin. Målet er å redusere talet på tilsette i fylkeskommunen som arbeider uønskt deltid.

– Vi håpar at mange nyttar seg av dette tilbodet og søkjer om støtte. Vi ønskjer at tilsette som arbeider uønskt deltid skal verte kvalifiserte til å ta på seg nye arbeidsoppgåver. Slik får dei også auka stillingsprosenten sin, seier personalsjef Toril Einarsen.

Fylkeskommunen har ei langsiktig målsetjing om ingen skal arbeide deltid om dei ønskjer ei full stilling. Denne målsetjinga er vedteken i Handlingsplan for likestilling, likeverd og mangfald 2009–2012.

Det kan gjevast støtte til utgifter som kursavgift, semesteravgift, eksamensavgift, reise og opphald, og til dekking av vikarutgifter når det er naudsynt. For å få tildelt utdanningsstøtte, må utdanninga samsvare med kompetanse- og rekrutteringsbehov til fylkeskommunen. Den som søkjer må også ønskje seg ein høgare stillingsprosent. Utdanninga må gje formalkompetanse/studiepoeng.

For meir informasjon
Jan Erik Weinbach
jan-erik.weinbach@sfj.no
Tlf. 57 65 64 31

Del dette:

Relaterte lenker