Foto av jente som dansar under UKM-festivalen 2017. Det er mørkt rundt ho, men noko raudt lys i bakgrunnen.
Foto av jente som dansar under UKM-festivalen 2017. Det er mørkt rundt ho, men noko raudt lys i bakgrunnen.

Jeanne Nsabimbona frå Vik under UKM-festivalen 2017. (Foto: Martha Linnea Pukallus, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Fylkeskommunen søkjer ny UKM-arrangør

UKM-festivalen Sogn og Fjordane er det største årlege UKM-arrangementet i fylket. No er vi på jakt etter ny arrangør for 2019-festivalen.

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer moglege hovudarrangørar for UKM-festivalen Sogn og Fjordane i 2019 til å melde seg. Dei siste åra har festivalen vore arrangert i Høyanger.

– Vi har som mål at festivalen skal flytte rundt i fylket og ha ulike hovudarrangørar. Fylket vårt har mange kulturhus som er godt eigna å arrangere festivalen, seier Eva Kristin Svidal som er fylkeskontakt for UKM.

UKM-festivalen samlar kvart år kring 300 ungdommar til sosiale aktivitetar, workshops, utstilling og sceneframsyningar. I tillegg til å delta med utstillingsarbeid og sceneinnslag, kan ungdomar delta som konferansierar, unge arrangørar og i UKM Media.

Årets festival vert arrangert i Høyanger 13.–15. april, og fylkeskommunen håpar å ha hovudarrangør for festivalen i 2019 på plass innan den tid.

For meir informasjon

Eva Kristin Svidal
fylkeskontakt UKM
eva.kristin.svidal@sfj.no
911 69 693

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00