Fylkeskommunen sløkkjer lyset for klimaet

Laurdag 31. mars klokka 20.30 er det igjen tid for Earth Hour. Målet er at flest mogleg bygningar over heile verda skal vere mørklagde for klimaet. Fylkeskommunen er med og skrur av lyset i alle fylkeskommunale bygg.

– Dei siste tiders dramatiske hendingar viser at vi må forsvare klimaet vårt i alle samanhengar. Redusert energibruk er eit viktig tiltak. Difor er det viktig at vi alle bidreg, og at fylkeskommunen er aktivt med, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Oppmodar alle om å bli med

Earth Hour er ei verdsomfattande symbolsk markering for klimaet. World Wildlife Fund (WWF) er initiativtakar og global arrangør, og det er fjerde gong kampanjen vert arrangert i Noreg.

Målet er å skape merksemd rundt energibruken i verda, og vise korleis livsstilen vår i stor grad påverkar planeten. Dette syner seg i alt frå ekstreme endringar i klimaet, flaum og tørke, til svoltkatastrofar, tap av artar og avskoging.

Det vidare målet med kampanjen er at alle skal ta med seg engasjementet frå Earth Hour og gjere meir for klimaet dei andre dagane i året. Sogn og Fjordane fylkeskommune oppmodar alle – både privatpersonar og bedrifter – om å delta laurdag 31. mars.

Meir om Earth Hour 2012 på nettsidene til WWF.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00