Foto av dei nye setlane som kom i 2017. Hundrelappen er i framgrunnen, men vi ser også dei andre valørane.
Foto av dei nye setlane som kom i 2017. Hundrelappen er i framgrunnen, men vi ser også dei andre valørane.

Illustrasjonsfoto: Norges Bank

Fylkeskommunen sin rekneskap for 2017

Fylkesrådmannen har no lagt fram Sogn og Fjordane fylkeskommunen sin rekneskap for 2017. God budsjettdisiplin og god økonomistyring gjev eit overskot på 44,5 mill. kr. Dette er noko over gjennomsnittet dei fire siste åra.

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat vert nytta som indikator på kor godt resultat ein fylkeskommune/kommune har. For fylkeskommunar er det no tilrådd å ha eit netto driftsresultat på minst 4 prosent (av samla driftsinntekter). Netto driftsresultat 2017 for Sogn og Fjordane fylkeskommune er på 333,6 mill. kr, noko som utgjer 10,4 prosent av samla driftsinntekter. Tilsvarande tal i 2016 var på 214,9 mill. kr (6,8 prosent). Den høvesvise sterke auken i netto driftsresultat skuldast i hovudsak to forhold:

  1. Meirinntekter på rente/utbytte med om lag 62 mill. kr
  2. Mindreutgifter på avdrag med om lag 52 mill. kr

Budsjettstyring

I budsjettstyringa skil vi mellom anslagsløyvingar og ordinære løyvingar. Anslagsløyvingane er kjenneteikna av at dei er lite «styrbare». Det betyr at sluttresultatet på postane er avhengig av faktorar som ligg utanfor fylkeskommunal kontroll. Ordinære løyvingar er styrbare løyvingar, der fylkeskommunen i stor grad skal ha kontroll på sluttresultatet.

For dei styrbare løyvingane har fylkeskommunen som prinsipp at vi skal ha budsjettdekning for dei tenestene vi yter. Med sterkt søkjelys på budsjettdisiplin, vert difor ikkje alle budsjettpostar nytta fullt ut; vi styrer så nær opp til 100 prosent som råd. Dette gjev mindre innsparingar på ein god del postar. Dette er ein hovudforklaring på at vi kjem ut med ei netto innsparing på 24,8 mill. kr på sektornivå i 2017. Fylkesrådmannen er nøgd med at alle sektorane har eit positivt netto resultat.

Fellesinntekter- og utgifter

Fellesinntektene og -utgiftene er i stor grad «ikkje styrbare» løyvingar. Samla fekk vi i 2017 ei netto meirinntekt/innsparing her på 19,7 mill. kr.

Skatt og rammetilskot er hovudinntektskjeldene og utgjorde nær 2,4 mrd. kr i 2017. På desse to inntektspostane fekk vi ei meirinntekt på om lag 6,7 mill. kr (0,28 prosent). Vidare har vi meirinntekter knytt til:

  • Premieavvik, pensjon etc. på 7 mill. kr
  • Konsesjonskraft og renter på 6 mill. kr

Sektornivået

Sektornivået i fylkeskommunen har ei netto utgiftsramme på vel 2,2 mrd. kr. Med eit mindreforbruk på 24,8 mill. kr har sektorane, sett under eitt, ei budsjettgjennomføring på om lag 99,1 prosent. Det meiner fylkesrådmannen er svært bra.

Forvaltning står for netto 8,0 mill. kr av denne innsparinga. Dei største postane med mindreforbruk er politisk styring/kontrollutval (1,3 mill. kr), administrasjon og administrasjonslokale (4 mill. kr) og lokal og regional utvikling (1,2 mill. kr).

Opplæringsektoren har eit samla mindreforbruk på 13 mill. kr i 2017. Dei største postane med mindreforbruk er vedlikehald og drift av skulebygg (4,7 mill. kr), pedagogiske fellesutgifter (2,6 mill. kr) og tilpassa opplæring (4,8 mill. kr). Den største posten med meirforbruk er fellesutgifter og støttefunksjonar (-1,1 mill. kr).

Dei vidaregåande skulane og Fagskulen i Sogn og Fjordane har eit samla mindreforbruk på ordinær drift på om lag 7,2 mill. kr i høve budsjett for 2017. Skulane har resultatoverføring (til 2018), og innsparinga påverkar såleis ikkje det samla rekneskapsresultatet.

Tannhelse har ei innsparing på 1,9 mill. kr. Også denne sektoren har resultatoverføring (til 2018), og innsparinga påverkar såleis ikkje samla rekneskapsresultat.

Næring og kultur har samla eit netto mindreforbruk på 2,0 mill. kr. Av dette ligg 1,3 mill. kr innan kultur.

Samferdsle har eit samla netto mindreforbruk på 1,8 mill. kr. Dei største postane med mindreforbruk er båtruter (2,3 mill. kr), fylkesvegar, miljø og trafikktryggingstiltak (1,1 mill. kr) og fylkesvegferjer (1,0 mill.kr). Den største posten med meirforbruk er bilruter (-2,6 mill. kr).  

Fylkesveg – drift og vedlikehald – har eit meirforbruk på 9,5 mill. kr, som vert dekka av tidlegare overførte midlar. Dette påverkar ikkje rekneskapsresultatet.

Oppsummert

Fylkesrådmannen er samla sett godt nøgd med både det høge netto driftsresultat (333,6 mill. kr) og driftsoverskotet (44,5 mill. kr) for 2017

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut