Fylkeskommunen rekrutterer

Kjenner du ungdomar som tek høgare utdanning utanfor fylket og som bør søkja seg jobb i Sogn og Fjordane? På Karrieredagane i Bergen og Oslo i oktober vil dei kunna få informasjon om kva yrkesmogelegheiter fylkeskommunen og fylket elles kan tilby.

Fylkeskommunen dreg på Karrieredagane for å visa fram alle dei spanande og interessante arbeidsplassane vi har å tilby. Vi kjem til å representera fylket saman med mellom anna Framtidsfylket.

Overraskar positivt

- For oss er dette eit flott høve til å treffa og få kontakt med ungdom, nyutdanna så vel som arbeidssøkjarar som er nyfikne på kva vi har å tilby. Dei som har vitja karrieredagane tidlegare år har vorte overraska over mangfaldet av spanande yrkesmogelegheiter som finst her i fylket, seier personalsjef Judith Tørvi i fylkeskommunen.

Utradisjonell presentasjon

På Karrieredagen i Bergen 6. oktober vil fylkeskommunen delta i ein såkalla ”speeddating” på scena i Grieghallen. Her får vi tre minutter til å visa kva vi har å tilby. Den knappe tida vi har til disposisjon har inspirert oss til å velja ei utradisjonell tilnæring.

- Innslaget vårt vil garantert vekkja merksemd. Vi håpar difor at flest mogeleg vil leggja turen innom Grieghallen og Peer Gyntsalen sånn i 11-tida denne tirsdagen, seier Tørvi.

Noter tid og stad

Dei som ønskjer å tipsa unge studentar og arbeidssøkjarar om karrieredagen bør notera seg datoane. Karrieredagen i Bergen vil vera i Grieghallen 6. oktober. I Oslo skjer tilskiping av Arbeidslivsdag den 15. oktober i Idrettsbygningen på Universitetet i Oslo Blindern

 

Del dette:

Relaterte lenker