Fylkeskommunen rapporterer godt om likestilling

Sogn og Fjordane er ein av to fylkeskommunar som kjem best ut når Likestillingssenteret har vurdert korleis dei rapporterer om likestilling. Vurderinga legg vekt på rapportering om tilhøve og tiltak som gjeld kjønn, etnisitet og funksjonsevne.

Det er strenge krav i lovverket til korleis ein skal rapportere om likestillingsarbeidet i fylkeskommunen. Sogn og Fjordane hamnar saman med Sør-Trøndelag på topp i undersøkinga til Likestillingssenteret.

Desse er dei einaste fylkeskommunane som får godkjent når det gjeld utgreiing om likestilling i årsrapportane for 2009. Senteret går i desse dagar gjennom rapportane for 2010, og melder at ein stikkprøve viser at det ikkje er store endringar frå året før.

Presenterer statistikk om deltid

Likestillingssenteret karakteriserer ei god rapportering som ei der det vert gjort greie for løn etter kjønn og utdanningsnivå eller stillingstype, samt for løn etter kjønn og type leiarstilling. Sogn og Fjordane fylkeskommune presenterer i rapporten også statistikk som gjeld kor mange som jobbar deltid i organisasjonen.

Fylkeskommunane vert i undersøkinga delte inn i tre kategoriar. Kvar kategori viser i kor stor grad fylkeskommunen oppfyller aktivitets- og utgreiingsplikta som er forankra i likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelegheitslova og kommunelova.

Rapport: Fylkeskommunenes redegjørelse for likestilling 2009

Årsrapport for 2009
Årsrapport for 2010

Resultat frå undersøkinga til Likestillingssenteret

Grøn kategori (god rapportering)

Sogn og Fjordane
Sør-Trøndelag

Gul kategori (nokre manglar)

Akershus
Aust-Agder
Buskerud
Hordaland
Nord-Trøndelag
Vest-Agder

Raud kategori (mangelfull rapportering)

Finnmark
Hedmark
Møre og Romsdal
Nordland
Oppland
Rogaland
Telemark
Vestfold
Troms
Østfold

For meir informasjon, ta kontakt med

Jan-Erik Weinbach
rådgjevar, fylkesrådmannen sin stab
telefon: 57 65 64 31
e-post: jan-erik.weinbach@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker