Fylkeskommunen på Facebook og Twitter

No kan du følgje aktivitetane og tenestene til Sogn og Fjordane fylkeskommune på både Twitter og Facebook. Du kan også ta kontakt med oss i desse sosiale media.

I dei sosiale mediekanalane vil fylkeskommunen leggje ut nyhende om tenestetilbod, aktivitetar og arrangement. Nyhende og enkelte vedtak frå fylkespolitikken vil også bli lagt ut her. Det er ope for alle å kommentere, stille spørsmål eller kome med innspel.

– Det er viktig for oss å få nokre arenaer der folk i fylket lett kan ta kontakt med oss, seier informasjonssjef Ingvild Ramstad.

– Vi er glade for innspel på alle aktivitetane våre, og særleg på korleis vi kan bli betre i sosiale medium, seier Ramstad. Informasjonstenesta driftar mediekanalane, og vi vil svare på innspel kvar vekedag, seinast innan to arbeidsdagar. All informasjon frå fylkeskommunen er alltid tilgjengeleg på heimesida www.sfj.no.

Lik oss på Facebook – www.facebook.com/sognogfjordanefylke
Følg oss på Twitter - @SFfylke

Del dette:

Relaterte lenker