Fylkeskommunen og museumsøkonomi

Musea i Sogn og Fjordane har mange utfordringar knytt til forvaltning, drift og utvikling. Fylkestinget sitt vedtak frå desember 2013 om å auke opp tilskotet til Musea i Sogn og Fjordane er ikkje endra.

Det har den siste tida vore oppslag i media som kan sette fylkeskommunen si evne og vilje til å følgje opp politiske vedtak under tvil. Det handlar om finansiering av opningsutstilling på Norsk reiselivsmuseum i Balestrand og rehabilitering av museumsbygga på Kystmuseet i Florø.

I samband med budsjett- og økonomiplanarbeidet for 2014/2014-2017 vart styret for Musea i Sogn og Fjordane spesielt utfordra til å prioritere dei viktigaste utfordringane. Dei leverte ei liste på 6 punkt over høgt prioriterte tiltak. Løyving for å løyse dei tre høgst prioriterte tiltaka vart innarbeidd i budsjett 2014 og økonomiplan 2014-2017. Dette var husleigekostnaden for kunstmuseet i Førde, utstilling ved Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand og fleire tiltak ved Kystmuseet i Florø, ikkje minst knytt til rehabilitering av administrasjons- og utstillingsbygget som har store rustskadar i bærande konstruksjonar i sjøen. Det fylkeskommunale tilskotet til Musea i Sogn og Fjordane vart auka opp med 2,2 mill. kroner for m.a. å kunne dekke kostnader ved lånefinansiering av opningsutstilling ved reiselivsmuseet i Balestrand (3,5 mill. kroner) og rehabiliteringa i Florø (17 mill. kroner). Dette er fylkestinget sitt vedtak, og det står ved lag. Fylkestinget sitt vedtak her er ikkje oppheva, slik det kan vere nærliggjande å tolke av det som kjem fram i Sogn Avis 28. juni og i Firda 30. juni.

Musea i Sogn og Fjordane har søkt om ein lånegaranti frå fylkeskommunen si samband med føreståande låneopptak. Her har fylkesutvalet i møte 4. juni d.å. avslått å gje slik garanti (som frå fylkeskommunen si side berre vert gitt i samband med bompengefinansiering av vegar). I fylkesutvalet sitt vedtak ligg at dersom manglande fylkeskommunal garanti fører til auka lånekostnad for søkjar, kan denne auken søkjast dekka inn gjennom tilskot frå fylkeskommunen.

To andre tilhøve kan vere verdt å nemne i denne saka. Det eine er fylkestinget si forventning til at kommunane kan komme sterkare inn når det gjeld finansieringa av drifta av musea. Her er det lagt inn forventa auke i løpet ev tre år på om lag 3 mill. kroner; samstundes som den fylkeskommunale løyvinga vert justert tilsvarande ned. Oppå dette kjem så nytt inntektssystem for fylkeskommunen som gjer at det må gjerast svært tøffe prioriteringar framover. Korleis desse prioriteringane vil slå ut, vil vi først kunne sjå utover hausten 2014 når hovudutvala, finansutvalet og fylkestinget gjer sine budsjettvedtak. I førebuingsarbeidet fram til dei politiske vedtaka, må alle viktige og naudsynte tiltak vurderast. Frå administrasjonen si side vil vi vere tydelege på konsekvensane av ulike alternativ.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00