Fylkeskommunen og kommunane saman om ny oppreisingsordning

Frå 1. januar kan menneske som vart utsette for overgrep og omsorgssvikt då dei var under offentleg omsorg, søkje om økonomisk oppreising. – Fylkeskommunen og kommunane ønskjer å ta eit moralsk ansvar for det desse menneska har opplevd, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.

Alle kommunane i fylket har forplikta seg til å vere med i oppreisingsordninga, som vert administrert av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ordninga gjeld menneske som var under offentleg omsorg fram til 1. januar 1993, og som vart utsette for overgrep eller omsorgssvikt medan dei var plasserte i fosterheim, på barneheim eller anna institusjon.

Inntil 725 000 kroner

– Dette er menneske som vart tekne hand om av det offentlege fordi familiane deira ikkje makta det. At dei då vart utsette for slik urett, er heilt uakseptabelt, og vi vil med denne ordninga gi dei ei oppreising og ei orsaking utan atterhald, seier fylkesrådmann Øhlckers.

Den økonomiske oppreisinga kan vere på inntil 725 000 kroner, og det er kommunen som plasserte barnet der overgrepet fann stad, som står for utbetalinga. For å få oppreising må ein ved eigenerklæring eller anna dokumentasjon, vise at det er sannsynleg at ein var utsett for overgrep eller omsorgssvikt. Fylkeskommunen har oppretta eit sekretariat som kan hjelpe folk som ønskjer å søkje om oppreising.

Hjelp til søknadsskriving

Merete Myklebust er jurist og sit i sekretariatet, og ho oppmodar folk om å ta kontakt om det er noko dei lurer på eller treng hjelp til.

– Vi er glade for at alle kommunane har blitt med i denne ordninga, og ønskjer no å leggje til rette for at dei som har vore utsette for overgrep og omsorgssvikt, faktisk får den erstatninga dei har krav på. Om nokon har behov for hjelp til å fylle ut søknaden og sende denne inn, vil vi hjelpe dei så langt vi kan, seier Myklebust, og legg til at folk kan ta kontakt på telefon, e-post eller ved å møte opp på Fylkeshuset i Leikanger.

Gjeld fram til 2013

Det er oppretta eit oppreisingsutval som skal vurdere og avgjere søknadane. Utvalet er leia av jurist Arvid Mellingen, og han har med seg psykolog Wenche Søvik Myklebust og sosionom Inger Johanne Solheim.

– Dette er eit svært viktig arbeid som kommunane og fylkeskommunen har teke tak i. Oppreisingsutvalet er breitt samansett av fagpersonar som ikkje tilhøyrer kommunane, og vi skal sjå til at sakene vert grundig og rettferdig handsama, seier Arvid Mellingen.

Oppreisingsordninga trer i kraft frå 1. januar 2011, og det vil vere mogleg å sende inn søknader fram til 1. januar 2013. Søkjarane vil normalt få svar på søknaden innan seks månader.

Del dette:

Relaterte lenker