Fylkeskommunen og fylkesmannen med samarbeidsavtale

Den øvste leiinga i desse to organisasjonane møtest 6 gonger i året, og no er dette avtalefesta i ein overordna samarbeidsavtale. I desse møta drøfter dei overordna og strategiske tema, men kan også ta opp konkrete og dagsaktuelle saker som treng oppfølging eller forankring.

Avtalen gjer også synleg at Fylkesmannen og fylkeskommunen arbeider nært innan ei rekke område med faglege spørsmål. Desse samarbeidsområda er i stor grad regulerte i eigne avtalar, og dei har den overordna avtalen som felles forankring.

Samarbeidsavtale mellom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Del dette:

Relaterte lenker