Foto av direktør ved Vestlandsforsking, Merete Lunde og Erik Kyrkjebø ved Høgskulen på Vestlandet utanfor Høgskulen sitt nyast bygg på Campus i Sogndal.
Foto av direktør ved Vestlandsforsking, Merete Lunde og Erik Kyrkjebø ved Høgskulen på Vestlandet utanfor Høgskulen sitt nyast bygg på Campus i Sogndal.

Direktør ved Vestlandsforsking, Merete Lunde og prosjektleiar for Teknoløft, Erik Kyrkjebø ved Høgskulen på Vestlandet. (Foto: Høgskulen på Vestlandet)

Fylkeskommunen med på teknologiløft for fylket

Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking skal i gang med eit stort prosjekt om digitalisering, automatisering, robotikk og data. Sogn og Fjordane fylkeskommune har planar om å delta i prosjektet med seks millionar kroner.

Forskingsmiljøa ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Vestlandsforsking har fått 28 millionar kroner frå Forskingsrådet til prosjektet, som skal gå over seks år og bygge kompetanse ved institusjonane.

Tok initiativ til dugnad for forsking

Fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim, har delteke i planlegginga av prosjektet og er overbevist om at dette blir eit svært viktig prosjekt for fylket.

– I Sogn og Fjordane må offentlege styresmakter vere med og ta ansvar for mellom anna forskingskapasitet. Det har vi forsøkt å gjere i dette tilfellet. Vi tok for halvanna år sidan initiativ til ein «dugnad for forsking». Vi ser at auka merksemd mot området hjelper, seier Heggheim.

Fagfolka bak prosjektet har valt å bygge kompetanse breitt på IT, automatisering og digitalisering, og meir spissa innan robotikk og stordata, der høgskulen og Vestlandsforsking alt har eit godt grunnlag å bygge på i dag. Særleg har arbeidet med den nye IT-utdanninga som kjem i Sogn og Fjordane til hausten vore med og danna grunnlaget for denne nye satsinga.

Tett samarbeid med næringslivet

– Ein av dei viktigaste målsettingane for prosjektet, er at kompetansen som blir bygd opp hos oss skal føre til nye innovasjonar og betra konkurransekraft for næringslivet i fylket, seier Erik Kyrkjebø, prosjektleiar for Teknoløft.

Det vil bli fleire med doktorgradar, fleire professorar og seniorforskarar innan teknologifeltet. Forskarane vil gjennom prosjektet jobbe tett med næringslivet i fylket for å spreie kunnskap, ta imot innspel og utvikle konkrete prosjekt i fellesskap.

I arbeidet med søknaden har Kyrkjebø jobba tett med Merete Lunde, direktør ved Vestlandsforsking. Ho er svært glad for sjansen til å auke kompetansen på digitalisering:

– Vi veit at digitalisering og automatisering vil vere blant dei store satsingsområda i næringslivet dei kommande åra, og at grunnleggande forståing av teknologien og korleis nytte den best, er avgjerande for utviklinga framover, seier Lunde.

Regionalt engasjement avgjerande

Både Lunde og Kyrkjebø framhevar at regionalt engasjement var avgjerande for at søknaden fekk gjennomslag i Forskingsrådet. Prosjektet har fått støtte frå mange aktørar i fylket – i tillegg til dei seks planlagde millionane frå fylkeskommunen, er Sparebanken Sogn og Fjordane inne med to millionar. Vidare bidreg dei to forskingsinstitusjonane også sjølve med midlar, og næringslivet har gitt støtte. Andre samarbeidsaktørar er Kunnskapsparken og Sintef.

– Mange bedrifter og kompetansemiljø i fylket er alt no med i prosjektet, og vi vil gjerne ha med oss fleire. Dette skal vere ein open og inviterande arena for heile fylket, seier Kyrkjebø.

Samla budsjett på nesten 45 millionar

Prosjektet skal evaluerast etter tre år før ein får midlane til å fortsette dei siste tre åra. I alt har prosjektet eit budsjett på nærare 45 millionar kroner. Desse pengane skal gå til fleire ulike tiltak:

  • Utdanninga av fem doktorgradskandidatar
  • Næringsrelevant kompetanseheving til professor- og seniorforskarnivå
  • Utviklinga av konkrete prosjekt saman med næringslivet
  • Dialogarenaer mellom forskingsmiljø og næringslivsmiljø
  • Arbeidsplassar i bedriftene for forskarar
  • Utanlandsreiser for å hente kunnskap og inspirasjon
  • Eit etter- og vidareutdanningstilbod innan robotikk og digitalisering
  • Ei masterutdanning som kan levere kandidatar med høg kompetanse til næringslivet

Mange bedrifter med alt

Lunde og Kyrkjebø ser alt mange konkrete prosjekt og løysingar som kan vekse ut av prosjektet Teknoløft.

– Så langt har vi vore i kontakt med eit tjuetals bedrifter som er med i ei referansegruppe. Dette inkluderer produksjonsbedrifter innan energi, næringsmiddel og marine miljø – i tillegg også gründerbedrifter innan IT og teknologi, fortel Lunde.

Bedrifta nLink er eit godt lokalt døme på denne typen teknologiutvikling. Der har dei laga ei løysing for å automatisere ein del av byggeprosessen med ein robot som borar hol i tak for elektriske installasjonar. Vidare finst det stort potensiale innan stordata for å gi betre informasjon og styringsverktøy til fiskeoppdrett. Systematisering av store datamengder om fôring, vekst og helse kan brukast til å utbetre produksjonen.

– Vi vil gjerne ha fleire slike prosjekt her i fylket. Vidare, at næringslivet skal kunne nyte godt av kompetansen vår når dei utviklar slike løysingar, og ikkje må gjere alt sjølve, seier Kyrkjebø.

For meir informasjon

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00