Fylkeskommunen lanserte alternativ løysing for nytt inntektssystem

Fylkesordføraren, fylkesrådmannen og gruppeleiaren for Høgre i fylkestinget var 20. mai på Stortinget for å møte kommunal- og forvaltningskomiteen. Der presenterte dei si eiga løysing etter at staten vil kutte 234 mill. kr til fylkeskommunen dei neste åra.

Regjeringa la 14. mai fram forslaget sitt til nytt inntektssystem for fylkeskommunane. Der kom Sogn og Fjordane svært dårleg ut og vil etter ein overgangsperiode på fem år årleg få 234 mill. kr mindre enn i dag.

Vil ha utvida kompensasjonsordning

Både fylkespolitikarane og administrasjonen er samde om at dette er så godt som ei umogleg oppgåve å gjennomføre, og gjer no felles sak for at Sogn og Fjordane skal kome betre ut.

Løysinga Åshild Kjelsnes, Tore Eriksen og Noralv Distad skisserte i Stortinget går ut på at staten skal utvide den kompensasjonsordninga regjeringa alt har lagt inn i det nye systemet. Opplegget er laga etter same modell som når staten går inn og kompenserer ved store naturkatastrofar. Då må fylkeskommunen framleis ta eit tap, men staten kompenserer det delvis – og kompensasjonsgradene aukar dess verre ein kjem ut.

Fylkeskommunen ser føre seg eit opplegg der kuttet vert redusert frå 234 mill. kr til ca. 100 mill. kr. Dette vil framleis merkast på den fylkeskommunale drifta og vil utvilsamt få konsekvensar for ulike tilbod, men det bør likevel vere mogleg å gjennomføre.

Fag og politikk

Fylkeskommunen presiserte òg at inntektssystemet er samansett av både fag og politikk, og at dette ikkje syner godt nok att i opplegget regjeringa presenterte 14. mai. Fylkesutvalet la stor vekt på dette då dei kom med sine innspel til nytt inntektssystem i februar i år. Det er med bakgrunn i dette at leiinga i fylkeskommunen meiner det er rimeleg at regjeringa legg inn eit tydeleg kompenserande element, som kan rette opp noko av veikskapen i det nye systemet.

Om lag 50 prosent av økonomien til fylkeskommunen er knytt til lovfesta tenester som vidaregåande opplæring, tannhelse og skuleskyss. Her meiner fylkeskommunen at faglege kostnadsnøklar tilstrekkeleg.

Når det derimot gjeld ikkje-lovfesta tenester, meiner fylkeskommunen midlane bør fordelast utifrå kriterium som folketal, busetnadsmønster, areal, topografi og tenester som delvis vert løyste gjennom statlege tilbod (som t.d. NSB).

Arbeider vidare fram mot avgjersle i Stortinget

Det er venta at Stortinget vil avgjere korleis det nye inntektssystemet vert i midten av juni 2014.

Før det vil leiinga i fylkeskommunen også møte stortingsbenken frå fylket 23. mai. Det vert også drøftingar på politikardagen i fylkestinget 26. mai, og fylkeskommunen får møte leiaren i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget 2. juni.

Du kan sjå opptak frå høyringa i kommunal- og forvaltningskomiteen i nett-tv-sendinga til Stortinget.

For meir informasjon

Tore Eriksen
tlf. 415 30 932
e-post: tore.eriksen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568