Fylkeskommunen inviterer til PLP-kurs

Fylkeskommunen inviterer til PLP-kurs på Skei 26. januar. Gjennom dette kurset får deltakarane god kunnskap om prosjektleiarprosessen, som femnar om organisering og styring av prosjektarbeid.

Fylkeskommunen og samarbeidspartnarane arbeider med å styrke næringsarbeidet, og som ein del av dette vert det no arrangert kurs i PLP. Kursleiar er Tom Joensen, som til dagleg er rådmann i Bremanger kommune.

Målgruppa for kurset er tilsette i kommunar og næringsselskap. Du som arbeider i næringsapparatet står dagleg overfor søknader om prosjektfinansiering. Mange offentlege søknadsskjema er utforma i tråd med PLP, og då er det godt å ha god kunnskap om PLP slik at du kan rettleie gründerar og lokalt næringsliv.

Dei fleste kommunane har sendt inn søknad om midlar til utbygging av breiband. Gjennomføringa av slik utbygging er ofte organisert som prosjekt. Derfor inviterer vi spesielt medarbeidarar med ansvar for utbygging av breiband.

Har du behov for opplæring i PLP, men kjem ikkje inn under dei to målgruppene ovanfor? Vi skal prøve å få plass til deg også. Om det skulle syne seg å vere for få plassar vil vi planlegge nytt kurs.

Kurset startar 26. januar kl. 10.00, på Skei Hotell.

Meld deg på her.

Kontaktperson:

Endre Høgalmen
Epost:
endre.hogalmen@sfj.no
Tlf: 57 65 62 65/ 952 07 789

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00