Foto frå Sogn og Fjordane-standen på fiskerimessa Nor\-Fishing i 2012. Biletet er teke ovanfrå, og vi ser store delar av standen, samt dåverande fylkesordførar Åshild Kjelsnes som opnar messestanden.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i fleire år organisert fylkesstand for bedrifter i fylket under fiskerimessa Nor-Fishing.

Fylkeskommunen inviterer bedrifter med til Nor-Fishing 2018

Sogn og Fjordane fylkeskommune organiserer ein fylkesstand på fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim i august neste år. No søkjer vi etter bedrifter som vil vere med.

Nor-Fishing vert arrangert 21.–24. august 2018. Fylkeskommunen har lagt inn opsjon på 150 kvadratmeter areal innandørs, der bedrifter i fylket kan presentere varer og tenester for kjøparar under messa.

Fylkeskommunen søkjer først og fremst etter bedrifter som er relativt nystarta (0–5 år) og/eller har få tilsette (1–7). Slike bedrifter får eit særskilt gunstig tilbod, og det er reservert areal til dei på fylkesstanden. Andre bedrifter får også tilbod om plass på fylkesstanden, som er i den mest attraktive messehallen, men må betale større del av kostandane sine sjølve.

Meir informasjon og prisar finn du her.

Dersom du lurer på noko, ta kontakt med Lena Søderholm på e-post lena.soderholm@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker