Fylkeskommunen har fått ny innkjøpsstrategi

Eit av måla i innkjøpsstrategien er at fylkeskommunen skal bidra til å heve konkurranseevna til kommunane og næringslivet i fylket. Eit anna mål er at fylkeskommunen gjennom avtalar skal syte for gode prisar, god kvalitet og innovative løysingar.

Fylkeskommunen skal leggje vekt på nynorsk og stimulere til meir bruk av målforma. Det skal også stillast gode miljøkrav til ytingar i alle innkjøp der dette er tenleg.

Innkjøpsstrategien til fylkeskommunen er tilpassa tilhøva i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen skal nytte ein kjøpsstrategi som også høver for dei små og mellomstore verksemdene i fylket. Der det er relevant kan fylkeskommunen også stille krav om at leverandøren er lærebedrift og skal tilby lærlingplassar.

Fylkestinget vedtok den nye innkjøpsstrategien 16. oktober i år. Sjå og høyr handsaminga av saka her.

Innkjøpsstrategi for Sogn og Fjordane fylkeskommune

For meir informasjon

Siri R. Heggenes
innkjøpssjef
tlf. 57 65 62 61 / 415 30 981
e-post: siri.heggenes@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker