Fylkeskommunen har fått eigen språkbruksplan

– Språket seier noko om kven vi er, og korleis vi ønskjer å verte oppfatta. Difor skal språket vårt, og det vi skriv, vere lett å forstå, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Han er òg oppteken av at språket skal vere tufta på verdiane til fylkeskommunen, som er blant anna respekt, medverknad og tillit

Klarspråk og rettskriving

Den nye språkbruksplanen til fylkeskommunen er ein plan med vekt på bruk, med mange døme og gode råd. Planen er delt inn i to hovudbolkar: «Skriv klart og forståeleg» og «Skriv rett». Den første er inspirert av klarspråkarbeidet i staten, og tek føre seg kva som er eit godt, lettlest og klårt språk. Den andre delen handlar blant anna om rettskriving, teiknsetjing, korleis vi skriv tal og viser til lover.

Språkbruksplanen skal ikkje detaljstyre tekstane. Han skal gje alle som skriv på vegner av fylkeskommunen, ein del retningsliner, tips og råd på vegen mot endå betre tekstar.

Språkbruksplanen gjeld for alle delar av administrasjonen i fylkeskommunen, både sentraladministrasjonen og administrasjonane ved dei andre fylkeskommunale einingane.

Språkbruksplan for Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut