Fylkeskommunen går for meir fysisk aktivitet

Fylkeskommunen arrangerer i vår tre temaseminar og to dialogmøte om den regionale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014−2017. Målet er å engasjere og sikre gode prosessar kring tiltak og anlegg i handlingsprogrammet, der fysisk aktivitet og folkehelse vil vere eit prioritert tema.

− Vi ynskjer er å skape ein aktiv kvardag for alle innbyggjarande i fylket, seier Lars Grøteide, prosjektleiar for planarbeidet og assisterande fylkesdirektør i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Moglegheit til å påverke

Arrangørane ynskjer brei involvering. Frivillige lag og organisasjonar, helseinstitusjonar, kommunalt tilsette, kommersielle aktørar, politikarar og engasjerte innbyggjarar vert difor inviterte for å diskutere og bidra med sine synspunkt.

− Her kan alle få moglegheit til å påverke, seier Grøteide.

Seminara har foredrag og paneldebattar der mellom anna Norges idrettsforbund, Den norske turistforening, kommunetilsette, professorar og rådmenn er involverte. Sportskommentator Esten O. Sæther i Dagbladet og Arve Uglum i NRK Sogn og Fjordane er ordstyrarar.

Folkehelse på agendaen

Visjonen er fysisk aktivitet for alle, og seminara set søkjelys på fysisk aktivitet i kopling med tre ulike tema: frivillige lag og organisasjonar, helse og folkehelse og kommunal sektor og anlegg. Det vert dialogmøte i etterkant av seminara, og på alle samlingane kan deltakarane kome med innspel og påverke prioriteringar for tiltak.

Ei av dei viktigaste utfordringane som skal drøftast er at nordmenn vert mindre og mindre aktive. Tal viser at ungdom i Sogn og Fjordane er mindre fysisk aktive enn unge på same alderstrinn nasjonalt og internasjonalt. Dette stadfester ei kartlegging frå i fjor.

Forsking viser også at 80 prosent av den vaksne befolkninga er mindre aktive enn tilrådinga frå Helsedirektoratet om 30 minuttar fysisk aktivitet om dagen.

− Då er det nødvendig med brei mobilisering for å diskutere prioriteringar, roller og ansvar. Skal vi lukkast i å endre utfordringane med for lite aktivitet, må mange aktørar bidra og samarbeide, fortel Grøteide.

Samarbeidsprosjekt

I arbeidet med den nye planen ynskjer fylkeskommunen blant anna innspel på

  • korleis idrett, skule, kultur og folkehelse kan samarbeide
  • kva oppgåver idretten og friluftsorganisasjonar kan ta på seg for betre folkehelse
  • om idretten og friluftsorganisasjonar klarar å engasjere tilstrekkeleg, eller om nye aktivitetsformar må til

Fylkeskommunen samarbeider med kommuneorganisasjonen KS, Sogn og Fjordane Idrettskrins, Forum for natur og friluftsliv, Funksjonshemma sin fellesorganisasjon og Fylkesmannen om utvikling av planen og arrangementa.

Temaseminar 1: Frivillige lag og organisasjonar
2. mars 2013, Trivseshagen, Sandane

Temaseminar 2: Helse og folkehelse
6. mars 2013, Rica Sunnfjord Hotel, Førde

Temaseminar 3: Kommunal sektor og anlegg
3. april 2012, Fosshaugane Campus, Sogndal

Dialogmøte 3
11. april 2013, Skei Hotel, Jølster

Dialogmøte 4
Medio juni, Skei Hotel Jølster

Les meir om undersøkinga Helse-, miljø- og livsstil hjå barn og unge

For meir informasjon

Lars Grøteide
prosjektleiar – Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014–2017
tlf.: 415 30 992
e-post: lars.grøteide@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00