Fylkeshuset vert Miljøfyrtårn

Prosessen med å sertifisera Fylkeshuset på Leikanger som Miljøfyrtårn har starta. Tiltaket er ei oppfølging og konkretisering av innhaldet i Fylkesdelsplan for Klima og miljø.

Fylkesdelsplan for Klima og miljø inneheld ei omfattande liste med tiltak. Miljøsertifisering er eit av dei tiltaka som står øvst på arbeidsplanen til den nytilsette klimakoordinatoren Elisabeth Veivåg Helseth.

Miljøanalyse

Det er CSR Management AS og Elisabeth Kjerstad Bøe som har fått oppdraget med den praktiske gjennomføringa av miljøsertifiseringa. Avdelingane på fylkeshuset vil dei komande vekene bli bedne om å bidra med informasjon til ein omfattande miljøanalyse. Spørsmåla vil dekka ni ulike områder:

  • Internkontroll og HMS
  • Arbeidsmiljø
  • Innkjøp
  • Materialbruk
  • Avfall
  • Emergibruk
  • Transport
  • Utlepp til luft og vatn
  • Estetikk

Tilstandsrapport

Gjennomgangen vil verta oppsummert i ein omfattande tilstandsrapport som viser miljøstatus og behov for tiltak på kvart av områda.

Kontinuerleg forbetringsprosess

Miljøsertifiseringa inneber starten på ein kontinuerleg forbetringsprosess: Å definera konkrete mål og kartleggja avvik samanlikna med målsetjinga er viktige for å sikra at vi vert stadig betre.

- Det daglege miljøarbeidet er det viktigaste. Årvisse rapporteringar i etterkant av sertifiseringa vil sikra at det skjer ei forbetring over tid, seier Kjerstad Bøe.

Føreset samarbeid

Ei miljøsertifisering er ikkje noko fylkeskommunen kan gjennomføra på eiga hand. Både leverandørar og brukarar må involverast i prosessen for at vi skal lukkast.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00