Fylkeshuset sertifisert som Miljøfyrtårn

Ein nøgd Fylkesrådmann Jan Øhlckers kunne under opninga av Fylkestinget ta mot sertifikatet som bekreftar at fylkeshuset har rutinar som tilfredstiller krava til Miljøfyrtårn.

Det er vertskommunen Leikanger som står ansvarleg for at miljøsertifiseringa skjer i henhald til gjeldande regelverk, og sertifikatet var overlevert av ordførar Olav Lunden.

Omfattande sjekk

I haust har konsulentane til CSR Management AS gått gjennom fylkeshuset frå loft til kjellar og sjekka rutinane for dei fleste miljørelaterte områda i bygget. Omfattande spørjeskjema med tema som som internkontroll og HMS, arbeidsmiljø, innkjøp, materialbruk, avfall, energibruk, transport og utslepp til luft og vatn er gjennomgått og funne i orden

­- Ein av dei første, viktige milepælane i fylkesdelplanen for klima- og miljø er no på plass, smiler miljøkoordinator Elisabeth Veivåg Helseth nøgd.

Kontinuerleg forbetring

Miljøsertifiseringa inneber starten på ein kontinuerleg forbetringsprosess: Å definera konkrete mål og kartleggja avvik samanlikna med målsetjinga er viktige for å sikra at vi vert stadig betre.

Sertifikatet er ei byrjing, ikkje noko mål i seg sjølv. Det daglege miljøarbeidet i ettertid av sertifiseringa er det viktigaste. Årvisse rapporteringar i etterkant skal sikra at det skjer ei gradvis forbetring over tid.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00