Foto av Fylkeshuset på Leikanger, under blå himmel med enkelte skyer. Biletet er teke sida med inngangspartiet, og syner store delar av huset. Foto: Oskar Andersen
Foto av Fylkeshuset på Leikanger, under blå himmel med enkelte skyer. Biletet er teke sida med inngangspartiet, og syner store delar av huset. Foto: Oskar Andersen

Foto: Oskar Andersen

Fylkeshuset fyller 25 år

4. oktober 1990 vart Sogn og Fjordane fylkeskommune endeleg herre i eige hus, i Askedalen på Leikanger. Etter mange år som leigetakar kringom i bygda, vart fylkesadministrasjonen samla under same tak.

Unntaket var fylkeskulturavdelinga og fylkestannlegen som vart verande i Førde.

Den nye fylkeskommunen – det nye regionale forvaltningsnivået

Den nye fylkeskommunen, med direkte val av fylkespolitikarar til fylkestinget og eigen administrasjon, vart etablert i 1976. Frå 1837 hadde det vore ordførarane som utgjorde fylkestinget, og fylkesmannen var administrasjonssjef.

I ein reformperiode, som gjekk over 30 år, vaks oppgåvene og ansvaret til fylkeskommunen, og i 1976 vart det sett sluttsterk for reforma gjennom etableringa av den nye fylkeskommunen.

Trong for ei samla administrativ eining

Eit heilt nytt forvaltningsnivå hadde vakse fram, og den nye veksande administrasjonen hadde behov for å bli samla i ei meir rasjonell eining. Argumenta var mange, ein tungrodd administrasjon med lite rasjonell drift både økonomisk og elles, manglande intern samhandling, ustabile arbeidstakarar grunna dårlege arbeidsvilkår og ulemper ved rekruttering. Det vart også peika på at reformene i lokalforvaltninga med auke i oppgåver på fylkesnivå mest truleg ville halde fram.

Leigemarknaden i Leikanger var alt trong, og det ville såleis vere vanskeleg å få dekt framtidig kontorbehov utan at det vart bygt eit eige administrasjonsbygg. Talet på tilsette i 1978, rekna i heile stillingar, var 77,7.

10 år på vent og to år med bygging   

Heile tolv år tok det frå det vart vedteke å setje i gang det førebuande arbeidet, til fylkesrådmann Svein Lundevall kunne setje nykkelen i døra. Eit samrøystes desemberting i 1978 hadde sagt ja til dei skissene som låg føre, og fylgjande vart oppnemnde til å arbeide vidare med saka: Knut Henning Grepstad, Norvald Viken, Sverre Aas, Kjellaug Bøthun og Alvhild Tveit.

Men prosessen vart stogga undervegs, og fyrst ti år seinare vart saka teken opp att. Eit forprosjekt vart sett i gang i 1987, og på desembertinget same året vedtok fylkestinget at huset skulle byggjast med oppstart i 1988. Men trass i vedtak om oppstart, vart arbeidet igjen stogga for ein periode. Årsaka denne gongen var at rekkjefylgja av andre bygg  skulle avklarast fyrst.

Då fylkestinget 5.oktober 1988 vedtok endeleg byggjestart, gjekk det berre fem dagar før arbeidet var i gang. No gjekk arbeidet unna, og 4. oktober 1990 vart bygget overlevert til fylkeskommunen.

Kontor over heile bygda

Dei ulike avdelingane var spreidde frå innerst til ytst i bygda. Utbyggingsavdelinga heldt til i 2. etasje på Sogn Samvirkelaget på Leikanger, avdelingane for samferdsle og bygg og eigedom leigde rom på Sognefjord Turisthotell på Hermansverk, og fylkesskulesjefen heldt til i Årskogbygget på Hermansverk. Midt i bygda, ved og i Tinghusanlegga, heldt sjukehussjefen til i eiga kontorbrakke, fylkesrevisjonssjefen i Tinghus II, og fylkesrådmannen inklusiv økonomiavdelinga heldt til i Tinghus I.

Kulturavdelinga og fylkestannlegen låg i Førde. Då administrasjonen på Leikanger vart samla, hadde 190 personar arbeidet sitt her, 140 i fylkeskommunen, 40 i KDV, 7 på Fylkesarkivet og ein på lokalkontoret til NRK.

Eit hus i stadig omstilling

Mykje vatn har rent i havet sidan Fylkeshuset vart bygt. Einingar har skifta namn, og mykje er annleis organisert. Nye reformer har både gitt og teke arbeidsoppgåver frå den fylkeskommunale administrasjonen.

Eit døme på endringane kan vere sjukehusreforma der staten overtok ansvaret for sjukehusa i 2002. Dermed forsvann heile avdelinga til fylkeshelsesjefen. I 2010 overtok fylkeskommunen ansvar for  dei tidlegare riksvegane og dermed kom det nye arbeidsoppgåver for administrasjonen. I 2011 vart også tannhelsetenesta omorganisert, og avdelinga vart lagt til Fylkeshuset på Hermansverk.

Også på leigetakarfronten har det skjedd endringar. Leigetakarar er flytta og nye komne til.

Ein stor arbeidsplass som sysselset folk frå heile regionen

Per i dag arbeider det 162 personar på huset. Av desse er 137 fylkeskommunalt tilsette, samt fylkesordførar, fylkesvaraordførar og sekretariatsleiar. I sentraladministrasjonen er det 21 personar som er tilsette hos leigetakarane, samt ein som er tilsett i kantina.

Forutan rådmannen og hans stab er det per no fem avdelingar med kvar sin direktør i fylkeskommunen. Avdelingane er samferdsle, plan og samfunn, næring, opplæring og kultur. I tillegg er administrasjonen for tannhelsetensta plassert her. Leigetakarane er Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane revisjon IKS.

Totalt er det 162 personar som i dag har arbeidsplassen sin på Fylkeshuset, nokre færre enn for 25 år sidan.

Du kan sjå fleire bilete på nettsida til Fylkesarkivet.

Kjelder og litteratur

Brosjyre om Fylkeshuset. Fylkesrådmannen oktober 1990

Fylkestingsforhandlingar , Sogn og Fjordane fylkesting  1978.

Årsmeldingar for Sogn og Fjordane fylkeskommune

https://no.wikipedia.org/wiki/Fylkeskommune, sett 22.09.15

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut