Fylkesdirektøren vil gje Lærdal kommune omstillingsstatus

Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, rår til at Lærdal får omstillingsstatus i to år, med ei startløyving på 1 million kroner. Hovudutvalet for plan og næring avgjer om kommunen vert omstillingskommune eller ikkje 25. september.

Lærdal kommune har det siste året mista mange arbeidsplassar, hovudsakleg arbeidsplassar som sysselsette kvinner. Lærdal har søkt om omstillingsstatus for å gå i gang med ei satsing som skal føre til auka sysselsetting gjennom nyetableringar og vekst i eksisterande næringsliv. Dette vert ei satsing i samarbeid med Årdal kommune.

Utfordringar i både Lærdal og Årdal

– Lærdal kommune har saman med Årdal kommune har fleire utfordringar som gjer at det det kan vere eit behov for å setje i gang eit omstillingsprosjekt. Dette kan skape fleire arbeidsplassar og ein meir balansert demografi/næringsstruktur i området, seier fylkesdirektøren for næring, Jan Heggheim.

Regionen har fleire fortrinn det er viktig å arbeide målretta med. Innovasjon Noreg trur dette kan ha ein god effekt, heiter det i saksframstillinga til hovudutvalet for plan og næring.

Lærdal har mista 90 arbeidsplassar dei to siste åraLærdal kommune har den siste tida mista fleire attraktive arbeidsplassar. Opplysningen 1881 har redusert aktiviteten over fleire år og vart i år avvikla. Tapet av arbeidsplassar i denne bedrifta utgjorde totalt 55 tilsette. Lærdal sjukehus har utfordringar. Fødetilbodet er avvikla, og det er lagt opp til nye reduksjonar. I løpet av dei to siste åra har kommunen totalt mista 90 arbeidsplassar.

Nabokommunen

Årdal har også utfordringar. Dørfabrikken Dooria AS er nedlagt, Hydro effektiviserer og solcellebransjen (Norsun AS) er usikker.

Lærdal fyller vilkåra

Fylkesdirektøren rår til at Lærdal bør få omstillingsstatus og ei startløyving. Denne skal gå til etablering av ein omstillingsorganisasjon, tilsetting av prosjektleiar, utarbeiding av ein omstillingsplan for åra 2013–2019 og ein handlingsplan for 2013 i samarbeid med Årdal kommune.

Del dette:

Relaterte lenker