Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,2 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2014. Erfaring frå tidligare år viser at mange ikkje søkjer om kompensasjon, men her kan det vere pengar å hente. Fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad oppmodar frivillig sektor i Sogn og Fjordane til å søkje refusjonar her.

Det er sentralleddet i organisasjonane som kan søkje. Lokale og regionale lag sender søknaden sin til sin hovudorganisasjon, som til dømes Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund.

Også enkeltståande organisasjonar som driv frivillig arbeid i innvandrargrupper og andre lokale foreiningar kan søkje om momsrefusjon.

Søknadar som kjem direkte frå underledd til Lotteri- og stiftelsestilsynet, vert avviste. Tidlegare har desse blitt lagt til søknaden til sentralleddet, frå og med i år vert dette endra.

Du kan lese meir om regelverket for momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet www.momskompensasjon.no. Her finn du også søknadsskjema.

Søknadsfrist

Fristen for å søkje om momskompensasjon er 1. september 2014. Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Dette inn du informasjon om på nettsidene til den aktuelle organisasjonen, eller du kan ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

For meir informasjon

Lotteritilsynet
e-post postmottak@lottstift.no
telefon 57 82 80 00

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut