Foto av ein detalj frå treskjeringsutsmykkinga på eigedomen Heimdalstrand i Balestrand.
Foto av ein detalj frå treskjeringsutsmykkinga på eigedomen Heimdalstrand i Balestrand.

Foto: Arlen Bidne/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fredingsmarkering på Heimdalstrand

Det vert markering av fredinga av eigedomen Heimdalstrand i Balestrand søndag 10. september. Arrangementet er ope for dei som har lyst å delta.

Riksantikvaren vedtok å frede eigedomen tidlegare i år, og det er dette som no skal markerast. Arrangementet er eit samarbeid med fylkeskommunen, Riksantikvaren og eigaren av eigedomen.

Nestleiar i hovudutval for næring og kultur, Jacob Andre Sandal, leiar markeringa, og både riksantikvar Jørn Holme og ordførar Harald N. Offerdal i Balestrand deltek. Markeringa startar kl. 14.00 og varer om lag 1,5 time.

Heimdalstrand var sommarhuset til målarinna Emma Normann Pastor. Ho brukte eigedomen til både bustad og atelier. Huset som vart bygd i 1910, er eit av dei seine dragestilhusa og har fått ei omfattande utsmykking utført av treskjeraren Ivar Høyvik. Eigedomen er usedvanleg godt bevart. og gjev oss eit innblikk i korleis kunstnarane i Balestrand levde på byrjinga av 1900-talet.

Meir informasjon om fredingsmarkeringa og heile programmet her.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00