Framtidskonferanse med visjonar for Sogn og Fjordane

Ungdom, gründerar, politikarar, næringsliv og andre møttest for å diskutere kva slags Sogn og Fjordane dei ønskjer i framtida. To grupper ungdomar presenterte veldig ulike visjonar for fylket på framtidskonferansen i Balestrand 20. september.

Den eine ungdomsgruppa snakka varmt for større sentrum, betre vegar, kollektivtransport og internasjonal flyplass i Sogn og Fjordane. Den andre gruppa ville heller satse på «rebygdifisering». Dei ville ha aktive bygdeungdomslag, levande bygder og gode møteplassar for folk i alle aldrar.

– Gode møteplassar gir nøgde menneske. Det skaper betre arbeidsmiljø og attraktive arbeidsplassar. Slik får vi mindre fråflytting og eit høgare folketal. Då vert Sogn og Fjordane attraktivt for nyetableringar, som igjen gir nye arbeidsplassar og fleire folk til fylket, slo ungdomane fast.

Må resultere i konkrete tiltak

Framtidskonferansen var del av hovudmarkeringa for fylkesjubileet, og om lag 140 deltakarar hadde teke turen til Kviknes Hotel i Balestrand. Både fylkesordførar Åshild Kjelsnes og fylkesmann Anne Karin Hamre hadde begge store forventingar til framtidskonferansen og vil ta med seg innspela frå ungdom og andre vidare.

– Vi må få konkrete tiltak ut av dette. Det må ikkje berre bli ein konferansen som var gjevande og kjekk der og då. Eg har fått mange konkrete innspel på ting som kan gjerast når det gjeld ungdomsråd, kommunar og næringsliv, sa Kjelsnes då ho avslutta konferansen.

Integrering i arbeidslivet

I tillegg til ungdomsvisjonane fekk deltakarane på konferansen også møte Justin Mulindabigwi frå Rwanda. Han kom til Noreg i 2004 og har jobba i Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde sidan 2010. Mulindabigwi presenterte nokre tankar om kva som er viktig for å få til vellukka integrering i Sogn og Fjordane.

– Det må først og fremst vere ein vilje til å tilsetje innvandrarar, jobbannonsar er ofte avskrekkande og kan kanskje skrivast annleis. Men det er like viktig med integrering etter tilsetjing. Hjelpsame kollegaer kan blant anna hjelpe ein å knekke sosiale kodar, sa han.

Fire attraktivitetsboksar

Ein annan innleiar som fekk mykje merksemd var forskar Knut Vareide ved Telemarksforsking. Han snakka om kva som må til for at ein stad eller kommune skal vere attraktiv å bu i.

– Alle faktorar som kan påverke attraktivitet, kan sorterast i fire boksar, konkluderte Vareide.

Dei fire er bustad, amenitetar (tilbod og tenester), identitet og stadleg kultur og omdøme.

Gründerane Heidi Aabrekk (Intempo AS) og Njål Hansen Wilberg (Beat) deltok også på framtidskonferansen. Dei gav eit innblikk i korleis det er å vere gründer i dette fylket, og fortalde korleis dei har lukkast.

Ungdom det viktigaste med jubileet

Konferansen vart avslutta med ein paneldebatt, der blant anna dei fire attraktivitetsboksane til Vareide vart trekte fram av fleire debattantar. Fylkesordføraren avrunda så dagen med å takke for alle bidraga og konkludere med at dagen svarte til dei høge forventingane.

– Det er ingen fasit og inga enkel løysing. Engasjementet de unge viser for fylket og framtida er det viktigaste med fylkesjubileet. Uansett kva dette fylket heiter om 200 år, så reknar eg med det bur folk her. Dei skal leve gode liv. Det er vårt ansvar og vår oppgåve å leggje til rette for det, og det er dykkar ansvar å føre det vidare, sa Kjelsnes til ungdomane.

Sjå opptak frå framtidskonferansen

Presentasjonar frå konferansen

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut