Framtidsfylket lanserer mobilversjon av karriereportalen

No kan dei mest brukte tenestene på framtidsfylket.no òg nåast frå mobiltelefonen. – Stadig fleire av dei som brukar nettportalen vår gjer det via mobilen, seier assisterande dagleg leiar Alice Blålid i Framtidsfylket.

– Det er på høg tid at vi har skreddarsydd gode løysingar òg til mobiltelefon, seier Blålid. I følgje TNS Gallup si undersøking Forbruker & Media i november, så brukar kvar tredje nordmann over 15 år mobilt innhald i løpet av ei veke. I alderssegmentet 20–39 år, der dei fleste arbeidssøkande brukarane av Framtidsfylket er, så brukar heile 54 % av dei mobilt medieinnhald kvar veke. Bruken har vorte dobla kvart år frå 2009.

Fram til no har ikkje Framtidsfylket hatt mobiltilpassa nettsider, men likevel brukar kvar tiande besøkande på Framtidsfylket.no iPhone, Android, iPad eller Symbian. Mange av dei meste nytta tenestene, som søk i ledige stillingar, har ikkje vore så enkle å betene via mobil. Og dei færraste klikkar seg vidare frå førstesida. No vil Framtidsfylket difor gjere det mykje lettare å bruke desse karriereverktøya via mobilen.

Dei som heretter skriv inn framtidsfylket.no i nettlesaren via mobil, kjem til ein mobiltilpassa meny der dei kan bla i ledige stillingar, finne meir info om bedrifter, om det å bu og arbeide i Sogn og Fjordane og lese nyheiter som har med karriere og arbeidsliv å gjere. Dei som følgjer lenker på Facebook og Twitter, vil kome til ei side som er skreddarsydd for mobilvisning.

– Når vi skal nå ut til unge kompetente menneske, som vi ønskjer å rekruttere til bedriftene i Sogn og Fjordane, så er det ingen tvil om at vi bør møte dei på dei plattformene der dei er. Og når det viser seg at stadig fleire brukar mobilen for å surfe på nettet, så er eg glad for at vi endeleg har eit skikkeleg tilbod til dei, seier Blålid.

For meir informasjon, kontakt:

Alice Blålid
Ass. dagleg leiar
Tlf. 909 65 603
alice@framtidsfylket.no

Anne van Oorschot
Dagleg leiar
Tlf. 928 35 232
anne@framtidsfylket.no

Del dette:

Relaterte lenker